Maxime Bossis
|
Maxime Bossis, Fotball-VM 1978 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Maxime Jean Marcel Bossis | ||
| Fødd | 26. juni 1955 (70 år) | ||
| Fødestad | Saint-André-Treize-Voies i Frankrike | ||
| Høgd | 186 cm | ||
| Posisjon | Forsvarsspelar | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1973-1985 | Nantes | 379 | (24) |
| 1985-1989 | RCF Paris | 120 | (2) |
| 1989-1990 | Nantes | 34 | (0) |
| Landslag | |||
| 1976-1986 | Frankrike | 76 | (1) |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Maxime Jean Marcel Bossis (fødd 26. juni 1955) er ein tidlegare fotballspelar frå Saint-André-Treize-Voies i Frankrike som vart europameister med landslaget i 1984.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Bossis spelte venstreback eller libero på Frankrike i tida 1976-86. Han var med i VM-turneringane 1978, 1982 og 1986, samt i fotball-EM 1984. I semifinalen under VM 1982 mellom Vest-Tyskland og Frankrike stod det 3-3 etter 120 minuttar. Då Bossis mislukkast å skåre på si straffe i den avgjerande straffeskyting, sende vesttyske Horst Hrubesch laget sitt til finalen då han skåra.
Frå 1983 tok Bossis over som libero i landslaget etter Marius Trésor. I den rolla vart europameister under EM i fotball 1984 på heimebane, og to år seinare fekk han ein bronsemedalje under VM i fotball 1986 i Mexico. I bronsekampen mot Belgia kom Bossis inn til sin 76. og siste landskamp, den gong fransk landslagsrekord. Han skåra eitt landslagsmål.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Bossis var FC Nantes-spelar frå 1973 til 1985. Med Nantes vart han fransk seriemeister 1977, 1980, 1983 og fransk cupvinnar 1979. Perioden 1985-89 tok Bossis plass i midtforsvaret til Racing Paris. I 1990 reiste han tilbake til Nantes og spelte vel eitt år til han la opp i 1991.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Maxime Bossis» frå Wikipedia på tysk, den 7. juni 2016.