Luis Fernández

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Luis Fernández
Luis Fernandez.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Luis Miguel Fernández Toledo
Fødselsdato 2. oktober 1959 (59 år)
Fødestad Tarifa i Spania
Høgd 181 cm
Posisjon Defensiv midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1978-1986 PSG  225 (30)
1986-1989 RCF Paris 59 (2)
1989-1993 Cannes 93 (5)
Totalt 377 (38)
Landslag
1982-1992 Frankrike 60 (9)
Trenar for
1992-1994 Cannes
1994-1996 PSG
1996-2000 Athletic Bilbao
2000-2003 PSG
2003-2004 Espanyol
2005 Al-Rayyan
2006-2007 Real Betis
2008-2009 Stade Reims
2010-2011 Israel
2015-2016 Guinea
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Luis Miguel Fernández Toledo (fødd 2. oktober 1959) er ein fransk tidlegare fotballspelar og -trenar, fødd i Tarifa i Spania. Han vart europameister med Frankrike i 1984 og fekk VM-bronse i 1986.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Fernández spelte på Paris Saint-Germain frå 1978 til -86. Gjennom desse åtte sesongane var han med å føre til laget til to triumfar i den franske cupen; 1982 og 1983. Også i 1985 tok PSG seg til nasjonal cupfinale, måtte då tole tap. Fernández avslutta sine år som aktiv i PSG med å vinne seriegull våren 1986. Der etter spelte han tre sesongar i Racing Paris, utan at den rike klubben oppnådde suksess. Frå 1989 til -93 opptrådde han i drakta til Cannes, eit lag som han rykte ned med i 1992 og opp att i toppdivisjonen i 1993.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Fernández hadde den defensive rolla då han gjennom 1980-talet var ein spelarane i det franske landslaget sin magiske midtbanekvartett, dei andre var Michel Platini, Alain Giresse og Jean Tigana. Fernández debuterte på Frankrikes landslag i november 1982 og var med å vinne fotball-EM 1984 på heimebane. To år seinare vart det bronse på Frankrike og Fernández ved VM 1986 i Mexico. I 1987/88 var han landslagskaptein i fem kampar, mellom anna då Frankrike og Noreg spelte 1-1 i Paris, der norske Tom Sundby utlikna få minuttar før slutt. Fernández spelte sin 60. og siste landskamp då Frankrike tapte kvartfinalen mot Danmark under EM i fotball 1992. Han skåra seks landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1984 med Frankrike
  • VM-bronse: 1986 med Frankrike
  • Fransk cupmeister: 1982 og 1982 med PSG
  • Fransk seriemeister: 1986 med PSG

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1993 har Fernandez ofte arbeidd som trenar. Størst suksess hadde han med Paris Saint-Germain som i 1995 vann den nasjonale cupmeisterskapen og i 1996 sigra i Cupvinnarcupen med finalesiger 1-0 over Rapid Wien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]