Patrick Battiston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Patrick Battiston
Fødd 12. mars 1957
Amnéville

Patrick Battiston (fødd 12. mars 1957) er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Amnéville i Moselle-departementet som vart europameister 1984 og vann VM-bronse i 1986. I tida 1981 til -87 var han med å vinne fem nasjonale seriemeisterskap og eitt cupmeisterskap med tre ulike klubblag; Girondins Bordeaux, AS Saint-Étienne og AS Monaco. Battiston var vanlegvis høgreback, men vart også nytta som midtstoppar/libero.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Battiston var profesjonell spelar i FC Metz frå 1973 og fast på fyrstelaget frå 1975. I 1980 vart han overført til AS Saint-Étienne og vart seriemeister i sin fyrste sesong med laget. Sommaren 1983 gjekk han over til Girondins Bordeaux og var med å vinne serien i 1984 og 1985, cupen i 1986 og serien att i 1987. Frå 1987 til -89 spelte han på AS Monaco og for tredje gong vart han seriemeister i sin fyrste sesong i ein ny klubb. Han reiste i 1989 tilbake til Bordeaux og avslutta med to sesongar i Girondins. Gjennom 18 sesongar spelte Battiston 678 obligatoriske klubbkampar og skåra 45 mål.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Battiston deltok i 56 landskampar i tida frå februar 1977 til april 1989 og skåra tre landslagsmål. Under fotball-VM 1978 spelte han einast kvartfinalen mot den komande verdsmeisteren Argentina, der det vart fransk tap 1-2.

I VM i 1982 var Battiston med då Frankrike opna med tap 1-3 mot England. Der etter sat han på benken resten av gruppespelet. I mellomrunda spelte Battiston mot Austerrike, men sat benka mot Nord-Irland. Han sat også på benken frå start i semifinalen mot Vest-Tyskland i Sevilla. På stillinga 1-1 kom han på bana like etter pause. Ti minuttar seinare vart han utsett for ei av dei mest berykta enkelthendingane i eit fotball-VM. Med tilnærma fri bane mot mål vart Battiston sparka ned ved 16-meteren av ei vilt utrusande målvakt, Harald Schumacher. Battiston mista medvitet og fekk slått ut tenner. Det høyrer med at Schumacher korkje fekk gult eller raudt kort.

Battiston spelte alle kampane då Frankrike lukkast vinne EM i fotball 1984 på heiembane. Også under fotball-VM 1986 var han eit fast val i fyrsteellevaren i Frankrikes ferd mot VM-bronse. I bronsefinalen var han kaptein ettersom Michel Platini sat på benken heile kampen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1984 med Frankrike
  • VM-bronse: 1986 med Frankrike
  • Fransk seriemeister: 1981 med AS Saint-Étienne
  • Fransk seriemeister: 1984, 1985 og 1987 med Girondins Bordeaux
  • Fransk seriemeister: 1987 med AS Monaco
  • Fransk cupmeister: 1986 med Girondins Bordeaux

Kjelder[endre | endre wikiteksten]