Bernard Lacombe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernard Lacombe


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. august 1952 (71 år)
Lyon
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1978, VM i fotball 1982, EM i fotball 1984

Bernard Lacombe (fødd 15. august 1952) er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Villefranche-sur-Saône som vart europameister med Frankrike i 1984. Angrepsspelaren var elles med å vinne tre ligapokalar med Girondins Bordeaux i perioden 1984-87.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Lacombe var Olympique Lyon-spelar i tida frå 1969 til 1978. Han skåra det andre målet då laget frå Lyon i 1973 vann den franske cupfinalen med 2-1 over FC Nantes. Etter ein sesong i AS Saint-Étienne vart han i 1979 overført til Girondins Bordeaux. Saman med spelarar som Alain Giresse, Jean Tigana og Patrick Battiston bidrog han sterkt til at Bordeaux-laget i 1980-åra låg i toppen i fransk klubbfotball. Over ein periode på fire sesongar sanka klubben tre ligapokalar og to cuppokalar. Etter han fekk mindre speletid, la ha opp våren 1987.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Lacombe var fransk landslagsspelar frå 1973 til 1984. Han spelte to kampar i Fotball-VM 1978 og skåra då Frankrike tapte 1-2 mot Italia. Under verdsmeisterskapen 1982 i Spania var han med i dei tre kampane i gruppespelet, resten av meisterskapen sat han på reservebenken, også då Frankrike tapte bronsefinalen mot Polen. Ved EM i fotball 1984 på fransk heimebane spelte Lacombe i fire av dei fem kampane, mellom dei EM-finalen mot Spania. Finaleoppgjeret, som enda med 2-0-siger til Frankrike, var hans 38. og siste landskamp. Totalt stod han for 12 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1984 for Frankrike
  • Fransk seriemeister: 1984, 1985 og 1987 med Girondins Bordeaux
  • Fransk cupmeister: 1973 med Olympique Lyon og 1986 med Girondins Bordeaux

Utan større suksess var Lacombe i perioden 1996-2000 trenar i Olympique Lyon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]