Yvon Le Roux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yvon Le Roux

Yvon Le Roux en 1979 (Stade brestois).jpg

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 19. mars 1960
Plouvorn
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Yvon Le Roux (fødd 19. mars 1960) er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Plouvorn som vart europameister med Frankrike i 1984 og tok VM-bronse to år etter. Han var ein sterk midtstoppar som i tida 1977-90 spelte på fem ulike franske klubblag.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Le Roux spelte på Stade Brest frå 1977 til -83. Dei neste seks åra gjorde han teneste i toårsbolkar på kvar av klubbane AS Monaco, FC Nantes og Olympique Marseille. Tida i Olympique Marseille avslutta han med å verte seriemeister og vinne cupfinalen 1989 mot sin tidlegare klubb Monaco. Han slutta som aktiv spelar våren 1990 etter ein sesong i Paris Saint-Germain.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Le Roux landslagsdebuterte med å sende Frankrike i føringa då Jugoslavia sitt landslag var gjester på Parc de Princes i Paris 23. april 1983, ein kamp som enda med 4-0 til vertane. Sidan var han med då Frankrike vann europameisterskapen 1984 på same arenaen den 27. juni etter finalesiger 2-0 mot Spania, ein kamp der han vart utvist etter 84 minutts spel. Under verdsmeisterskapen 1986 spelte Le Roux einast i bronsefinalen mot Belgia, der Frankrike sikra seg medaljen med sluttsiffera 4-2. I hans nest siste landskamp, den 5. september 1989, spelte Noreg og Frankrike uavgjort 1-1 på Ullevaal stadion i Oslo framfor einast 8 564 tilskodarar. Ein månad seinare tok Le Roux på Parc de Princes på seg landslagsdrakta for 28. og siste gong, utan å ha kome skåringslista etter debutkampen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1984 for Frankrike
  • VM-bronse: 1986 for Frankrike
  • Fransk cupmeister: 1985 med AS Monaco og 1989 med Olympique Marseille
  • Fransk seriemeister: 1989 med Olympique Marseille

Kjelder[endre | endre wikiteksten]