Meisterligaen 2009

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2009 - Barcelona i raudt og blått

Meisterligaen 2009 var den 17. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den spanske klubben FC Barcelona vann turneringa den 27. mai 2009 på Stadio Olimpico i Roma med siger 2-0 over engelske Manchester United. 72 698 tilskodarar såg finalekampen.

Samuel Eto’o gav Barcelona leiinga i det 10. minutt, medan Lionel Messi la på til 2-0 i det 70. minutt.

FC Barcelona sikra seg dermed sin andre triumf i Meisterligaen, tre år etter den fyrste.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Barcelona: Víctor Valdés, Carles Puyol, Yaya Touré, Gerard Piqué, Sylvinho, Xavi, Sergio Busquets, Andrés Iniesta, Lionel Messi, Samuel Eto'o og Thierry Henry. Seydou Keita kom inn i staden for Henry i det 72. minutt og Pedro Rodríguez tok plassen til Iniesta i sluttsekundane.

Manchester United: Edwin van der Sar, John O’Shea, Rio Ferdinand, Nemanja Vidić, Patrice Evra, Anderson Oliveira, Michael Carrick, Ryan Giggs, Park Ji-sung, Cristiano Ronaldo og Wayne Rooney. Carlos Tévez tok plassen til Anderson i heile andre omgang, medan Dimitar Berbatov og Paul Scholes erstatta Park og lagkaptein Giggs etter høvesvis 66 og 75 minuttar.

Sveitsaren Massimo Busacca dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]