Merkaz Hever
Merkaz Hever | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | |||
![]() Merkaz Hever | |||
Wikimedia Commons: Merkaz Hever | |||
Merkaz Hever (hebraisk מֶרְכַּז חֶבֶר) er ein fellesbusetnad i Ta'anakh-regionen nord i Israel. Han er ein del av Gilboa regionale kommune.
Samfunnet vart grunnlagd i 1958 som eit regionssenter for tre andre busetjingar: Barak, Adirim og Devorah.
I 1982 vart han utvida og omgjort til ein fellesbusetnad.
Namnet Merkaz Hever er knytt til Jael, kona til kenitten Heber (Domarane 4:17), som òg har fått ein annan fellesbusetnad i nærleiken kalla opp etter seg (Merkaz Yael). Soga som er skildra i Domarane fann stad i dette området.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Merkaz Hever» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: