Yizre'el

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yizre'el
kibbutz
2010.11.06 13 Izra'el.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Jezreeldalen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Gilboa regionale kommune
Koordinatar 32°33′41.75″N 35°19′19.92″E
Grunnlagd 20. august 1948
 - Grunnlagd av Tidlegare Palmach-soldatar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Yizre'el
32°33′42″ N 35°19′20″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kibbutz Yizre'el
Nettstad: www.yizrael.org.il

Yizre'el (hebraisk יִזְרְעֶאל) er ein kibbutz nordaust i Israel. Han ligg i Jezreeldalen nær Afula og høyrer til Gilboa regionale kommune. I 2008 hadde han eit folketal på 549.

Kibbutzen vart grunnlagd den 20. august 1948 av tidlegare Palmach-soldatar, like vest den avfolka palestinske landsbyen Zir'in (Ruinane av denne var framleis synleg i 1984.) Han vart kalla opp etter den antikke byen Jezreel, som låg i området og høyrte til Jissikar-stamma (Josva 19:18). Den 6. september 1969 vart han ein av dei første kibbutzar som gjekk bort frå systemet der barna sov i felleshus, og i staden let dei få sove heime hos foreldra.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Historie Yizre'el

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]