Magen Shaul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°31′17.03″N 35°18′24.83″E
Magen Shaul
moshav
10.11.20 08 Magen Shaul.JPG
Magen Shaul
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°31′17.03″N 35°18′24.83″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Magen Shaul

Magen Shaul (hebraisk מָגֵן שָׁאוּל) er ein moshav nær Gilboafjellet nord i Israel i Gilboa regionale kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Magen Shaul vart grunnlagd i 1976 av barna til familiar som budde i andre moshavim i Ta'anakh-området. Namnet «Magen Shaul» er lånt frå klagesongen som kong David song etter at Saul døydde i eit slag mot filistrane i området.[1] Økonomien vart i starten basert på rosedyrking i drivhus.[2]

Tidleg i 2000-åra immigrerte tretti kristne sionistfamiliar frå Canada til Israel og slo seg ned i Magen Shaul. Dei oppretta Gilboa Tooling Industries, ein fabrikk som lagar plastformer. Gilboa Instruments har kundar som Boeing, Airbus, NASA og Eaton Aerospace.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]