Sandala
Sandala | |||
צַנְדַלָה, סַנְדַלָה, صندله | |||
landsby | |||
Sandala-moskeen, 2007
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Gilboa regionale kommune | ||
Koordinatar | 32°31′N 35°19′E / 32.517°N 35.317°E | ||
Folketal | 1 500 (2006) | ||
Sandala 32°31′00″N 35°19′00″E / 32.51666667°N 35.31666667°E | |||
Kart som viser Sandala.
| |||
Wikimedia Commons: Sandala |
Sandala (arabisk صندله, hebraisk צַנְדַלָה, סַנְדַלָה)[1] er ein arabisk landsby i Nord distrikt i Israel. Han ligg nær Afula og høyrer til Gilboa regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 1 500. Innbyggjarane i Sandala høyrer til al-Omari-klanen, som ein trur er etterkomarar etter den andre kalifen i islam, Umar ibn al-Khattāb.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Arkeologiske utgravingar i kjernen av den gamle landsbyen, nær moskeen, har avdekt keramikk frå tidleg islamsk tid og mamelukkane.[2]
I følgje ei lokal segn vart den noverande landsbyen grunnlagd på 1700-talet av to brør frå den nærliggande landsbyen Arranah, som i dag ligg på Vestbreidda.[3] Då Edward Robinson vitja Sandala i 1838, skildra han staden som «liten med ruinar av fundament»,[4] medan Guérin[5] og Survey of Western Palestina seinare på 1800-talet skildra staden som «ein liten landsby på kanten av ei slette, bygd av stein og leire, med cisterner, og omgjeve av pløgd land.»[6]
Under den britiske folketeljinga i 1931 hadde Sandala 36 busette hus og eit folketal på 189 muslimar.[7] I 1945 hadde Sandala 220 innbyggjarar, all klassifiserte som arabarar. Dei eigde i alt 3 217 dekar land, meda 32 dekar var i offentleg eige, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 2 dekar plantasjar og irrigert land, 3 109 dekar vart nytta for korn,[9] medan 7 dekar vart utbygd land.[10]
Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Sandala erobra av den israelske hæren og så gjenerobra av den irakiske hæren. På grunn av plasseringa innafor Den grøne linja vart han ein del av Staten Israel.[11]
Petersen, som vitja landsbyen i 1994, skildra ein ny moské i sentrum av landsbyen, visstnok bygd på eldre fundament. Området kring moskeen dannar kjernen i den gamle landsbyen og delar av området var øydelagd, medan resten var planlagt nedrive.[12]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sandala i Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Alexandre, Yardenna (29/9/2009): Sandala, Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.121
- Conder, Claude Reignier og H.H. Kitchener (1882): The Survey of Western Palestine: memoirs of the topography, orography, hydrography, and archeology. London: Committee of the Palestine Exploration Fund. vol 1'vol 2'
- Guérin, M. V. (1874): Description Géographique, Historique et Archéologique de la Palestine. Samarie
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Mokary, Abdalla (5/10/2008): Sandala, Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.120
- Mokary, Abdalla (16/7/2012): Sandala Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.124
- Palmer, E. H. (1881): The survey of Western Palestine: Arab and English name lists collected during the survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Translitterert og forklart av E.H. Palmer.
- Petersen, Andrew (2001), A Gazetteer of Buildings in Moslem Palestine: Volume I (British Academy Monographs in Archeology), Oxford University Press, s. 289, ISBN 978-0-19-727011-0
- Robinson, Edward, Eli Smith (1841): Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838a, Published by Crocker & Brewster, Item notes: v. 3
- ↑ Palmer, 1881, s.167
- ↑ Mokary, 2008, Sandala Final Report Arkivert 2012-03-06 ved Wayback Machine.
- ↑ Alexandre, 2009, Sandala Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine.
- ↑ Robinson, 1841, s.161
- ↑ Guérin, 1874, s.326
- ↑ Conder og Kitchener, 1882 s.87
- ↑ E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 70.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s.55
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 99
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 149
- ↑ The Hot Spot Arkivert 2014-06-11 ved Wayback Machine., Jerusalem Post
- ↑ Petersen, 2001, s.289