David Beckham
David Beckham | |
![]() | |
Fødd | 2. mai 1975 (47 år) Leytonstone, London |
Yrke | fotballspelar, modell, bloggar, skodespelar, gründer |
David Beckham på Commons |
David Robert Joseph Beckham (fødd 2. mai 1975) er ein engelsk fotballspelar som er blitt verdskjend for spelet sitt og som kjendis elles. Beckham har spela for Manchester United, Preston og Real Madrid. Han har også vore kaptein for det engelske landslaget, og er kjend for sine presise frispark. I januar 2007 vart David Beckham klar for den amerikanske Major League Soccer-klubben Los Angeles Galaxy. Denne overgangen vart mykje omtala grunna den skyhøge lønninga til Beckham, rapportert som 1,6 milliardar kroner i løpet av 5 år.
Mot utløpstida av kontrakten ved slutten av 2011-sesongen vart det igjen spekulert i kva Beckham ville gjera, med franske Paris Saint-Germain mykje nemnd som eit alternativ. 36-åringen erklærte at han ikkje hadde tenkt å legga opp.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
AC Milan[endre | endre wikiteksten]
I 2009-2010 vart Beckham lånt ut til den italienske klubben AC Milan, fordi den engelske landslag-trenaren meinte David ikkje fekk nok å bryne seg på i USA og at han måtte spele i Europa for å behalde landslagsplassen.
Karriere som spelar fram til 2006
Klubb | Kampar | Mål | Periode |
---|---|---|---|
![]() |
265 | 62 | 1992-2003 |
![]() |
5 | 2 | 1995 |
![]() |
63 | 7 | 2003-2007 |
![]() |
30 | 5 | 2007- |
![]() |
0 | 0 | 2008-2009, 2009-2010 |
![]() |
10 | 1 | 2013 |
Totalt (førebels) | 333 | 71 | 1992- |
Skade på akillessena[endre | endre wikiteksten]
Den 14. mars 2010 rivna venstre akillessena til Backham. Han vart send til Finland med ein gong for å opererast. Operasjonen var vellukka, men legane sa at han ikkje kom til å vere speleklar før om 4-6 månader. Det øydela VM-planane til Beckham, han hadde nemleg vorte første engelskmannen til å spele fire VM på rad. Han fekk likevel vere med laget til VM som moralsk støtte.
I media[endre | endre wikiteksten]
David Beckham er å sjå i alle tre Goal!-filmane. Han har vore med på mange talkshow som The Ellen DeGeneres Show, Jimmy Kimmel Live og Late Show with David Letterman. Beckham har også opptredd i ei rekkje reklamar for sponsorane sine, som Motorola, Pepsi-Cola og Adidas.
David Beckham har òg gjeve namn til ein film, Bend It Like Beckham frå 2002. Her opptrer han berre i opptak frå fotballkampar.
Familie[endre | endre wikiteksten]
David og Victoria Beckham, tidlegare medlem av Spice Girls, er kjende for eit glamorøst liv. Dei har tre søner og ei dotter: Brooklyn Joseph Beckham (fødd 4. mars 1999 i Westminster i London), Romeo James Beckham (fødd 1. september 2002 i Westminster), Cruz David Beckham (fødd 20.februar 2005 i Madrid i Spania) og Harper Seven Beckham (fødd 10. juli 2011 i Los Angeles i USA).