Morten Steenstrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morten Steenstrup

Fødd4. april 1953 (71 år)
Tønsberg
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat, advokat, forretningsdrivande
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv

Morten Steenstrup (fødd 4. april 1953) er ein norsk jurist, Høgre-politikar og forretningsmann frå Tønsberg, busett i Oslo.

Steenstrup var son til ein lektor. Sjølv gjekk han Tønsberg gymnas og utdanna seg til cand.mag. i 1976, etter studiar i statsvitskap og sosiologi ved Universitetet i Oslo. Fire år seinare vart han cand.jur. ved same universitetet.

Steenstrup engasjerte seg tidleg i partiet Høgre. Såleis var han bystyremedlem i Tønsberg 1976–83, i den andre fireårsbolken med plass i formannskapet. Hausten 1981 vart han vald inn på Stortinget frå Vestfold, attvald i 1985. På Tinget var Steenstrup medlem i Justiskomitéen dei to fyrste sesjonane. Frå 1983 hadde han plass i Finanskomitéen til 1989, med unnatak for nokre månader som statssekretær i Finansdepartementet 1985–86 og ved Statsministerens kontor våren 1986.

I 1987 fekk Steenstrup advokatløyve. Då han gjekk ut av Stortinget, etablerte han i 1989 sitt eige advokatfirma, eit firma som i 1999 skifta namn til Steenstrup Stordrange DA. Steenstrup har særleg markert seg som forretningsadvokat, og har gjennom åra hatt styreverv i ei rad med større og mindre industriselskap og forretningstiltak. Frå 1993 har hatt møterett i Høgsterett.

Perioden 2015-19 er Steenstrup bystyremedlem for Høgre i Oslo kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]