Museet Gamle Vossebanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Damplokomotivet på Garnes stasjon.
Gamle trevogner med teakkledning, nytta på Bergensbanen.
Garnes stasjon.
Espeland haldeplass, no stopp for veterantoget.
Haukeland stasjon, no stopp for veterantoget. «Mellemstasjon av 4. Klasse».

Museet Gamle Vossebanen er ei museumsjarnbane som køyrar veterantog på ei 18 kilometer lang einspora line mellom Garnes stasjon og Midtun på ei nedlagd strekning av jarnbanelina Vossabanen i Bergen kommune. Museet Gamle Vossebanen er den einaste veteranjarnbana i Noreg på ei hovudline, til saman 21 kilometer mellom Tunestveit og Midtun i Bergen kommune, og er eit nasjonalt kulturminne ved å ha til rådvelde både rullande materiell og faste installasjonar av gamal dato.

Heile den jarnbanestrekninga som museumsjarnbanen nyttar ein del av til køyring av veterantoga, vart overflødig då den nye og kortare tunneltraseen for Vossabanen (som er ein del av Bergensbanen) gjennom Ulrikstunnelen og Arnanipatunnelen var klar til bruk i 1964. Gamle Vossebanen ender no på Midtun, men er framleis intakt i andre enden, innover frå Garnes stasjon, og kopla inn på Bergensbanen ved utløpet av Arnanipatunnelen på TunestveitTakvam. Difor er det mogleg å køyre museumstoga inn på dagens Bergensbanen.

Veterantoget på Gamle Vossebanen nyttar damplokomotiv av NSB type 18 og dei gamle trevognene med ytterkledning av teak. Toget vert køyrd kvar sundag frå midten av juni til midten av september. Turen går gjennom Arnadalen til Haukeland, der terrenget skifter karakter til typisk vestlandsnatur med tunnelar og fjellsider, og med sjøen rett nedanfor lina. Etter 18 kilometer kjem toget til Midtun, som altså er endepunktet for den gamle Vossabanen i dag. Her er det oppretta ein haldeplass med kryssingsspor for veterantoget.

Linekart over strekninga for veterantoget[endre | endre wikiteksten]

Teiknforklaring
BSicon LSTR.svg frå Bergensbanen ved Tunestveit
BSicon BHF.svg 463,13 km Garnes (1883) 21,2 moh.
BSicon BUE.svg Fv276 Garnesvegen
BSicon eHST.svg 465,56 km Seimsmark (1941–1964)
BSicon BUE.svg Fv276 Garnesvegen × Fv277 Indre Arna-vegen (rundkyøring)
BSicon BHF.svg 466,79 km Arna gamle stasjon (1883) 21,4 moh.
BSicon eHST.svg 468,77 km Arnatveit (1931–1964)
BSicon SKRZ-Eu.svg 580 Hardangervegen
BSicon HST.svg 471,32 km Espeland (1899) 70,6 moh.
BSicon BUE.svg Fv237 Lonaleitet
BSicon HST.svg 472,68 km Lone (1924)
BSicon BUE.svg Kalihaugen
BSicon BUE.svg Vesthagen
BSicon BHF.svg 474,29 km Haukeland (1883) 81,6 moh.
BSicon BUE.svg Brattlandsvegen
BSicon TUNNEL2.svg 474,92 km Søylen (89 m)
BSicon eHST.svg Bratland (1958–1964)
BSicon BRÜCKE1.svg Brattlandsvegen
BSicon TUNNEL1.svg 475,54 km Bratland (258 m)
BSicon TUNNEL2.svg 476,36 km Grimen (123 m)
BSicon BUE.svg Erdalsvegen
BSicon eHST.svg Grimåsen (1924–1964)
BSicon SKRZ-Eo.svg 580 Hardangervegen
BSicon TUNNEL2.svg 478,12 km Helldal II (21 m)
BSicon TUNNEL2.svg 478,18 km Helldal I (11 m)
BSicon BUE.svg Helldalsneset
BSicon HST.svg 478,92 km Helldal (1886) 68,4 moh.
BSicon BRÜCKE1.svg Helldalshaugen
BSicon BUE.svg Dyngelandsvegen
BSicon dXl.svgBSicon dWg+r.svgBSicon d.svg 479,19 km Frank Mohn sidespor
BSicon HST.svg 481,05 km Midtun (1925)
BSicon ENDEe.svg

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]