NSB type 18

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
NSB type 18
Type 18 locomotive n. 255 at Garnes.jpg
NSB Type 18c 255 ved Garnes, Gamle Vossebanen.
Informasjon
Produsent Hartmann, Hamar Jernstøberi
Byggeår 1900–1919
Tal bygd 35 stk
Spesifikasjonar
Lengd 15625 mm
Høgd 4100 mm
Tenestevekt 78,3 tonn
Akselrekkefølgje 2'C-2'2'
Drivhjuldiameter 1445 mm
Hjulavstand (mellom drivhjul) 1675 mm
Toppfart 65 km/t
Yting ca. 825 hk
ca. 615,2 kW
Sjå òg: Kategori:Lokomotiv

Type 18 var ein damplokomotivtype hos NSB produsert i perioden 1900 til 1919 hos Hartmann og Hamar Jernstøberi. Typen var opphavleg ment for Nordbanen, men dei vart tatt i bruk på dei fleste linjer rundt kring om i Noreg. Det vart bygd 35 stk av denne typen i modellane 18a, 18b og 18c, der den seinaste modellen c var noko tyngre og hadde eit større sylinderdiameter og slagvolum. Dei tidlege modellane, 18a og 18b, vart seinare oppgradert til c-standard. Type 18 har rundt 825 hestekrefter og ei tjenestevekt på 81 tonn inkludert tenderen. Topphastighet er på 65 km/t. Etterkvart som jernbanetrafikken tok seg opp vart desse maskinene erstatta av kraftigare lokomotiv.

Det siste lokomotivet av NSB Type 18c nummer 255 bygd i 1913 av Hamar Jernstøberi vart utrangert den 25. august 1969 og har sidan vore tatt vare på av Bergen Teknisk Museum. Dette lokomotivet vart òg restaurert i perioden 1980 til 1992 av Norsk Jernbaneklubb og blir i dag disponert ved Gamle Vossebanen der det er i drift kvar sommar. 18 255 var opphavleg stasjonert ved Eidsvold – Ottabanen, men vart seinare nytta i Drammen, Oslo og Trondheim distrikt. I Trondheim distrikt trafikkerte det linja mellom Grong og Namsos.

Type 18a[endre | endre wikiteksten]

Lokomotiva av typen 18a var eigentleg meint for Nordbanen Distrikt (Grefsen-Røykenvik, Grefsen-Gjøvik og Reinsvoll-Skreia). Lokomotiv 134 var i tida frå 1964 til det vart utrangert i 1968 det eldste lokomotivet i drift hos NSB. Lokomotiva 131-134 vart bygd på Hartmann Chemnitz i 1900, lokomotiva 135-138 vart bygd av same fabrikant til same bruk i 1901, og lokomotiva 157 og 158 hos Hamar Jernstøberi i 1903. Alle lokomotiva av typen 18a bortsett frå lokomotiv 135 og 157 ble ombygd til 18c.

Type 18b[endre | endre wikiteksten]

Type 18b vart bygd av Hamar jernstøberi i 1907 for bruk på Gjøvik- og Bergensbanen. Lokomotiva fekk nr 184-189. Dei vart stasjonerte både i Bergen, Hamar, Trondheim, Kristiansand, Arendal, Eidsvoll-Otta banen og Otta-Dombåsbanen. Dei to siste lokomotiva av typen 18b var lokomotiv 184 og 186 som vart utrangert i 1962. Lokomotiv 184 vart i 1938 bygd om til 18c og 186 vart ombygd til 18c i 1948.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]