New Gold Dream (81-82-83-84)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
New Gold Dream (81–82–83–84)
Studioalbum av Simple Minds
Utgjeve 13. september 1982
Innspelt Juni til august 1982[1][2]
Sjanger
Lengd 44:59
Selskap Virgin
Produsent Peter Walsh
Simple Minds-kronologi
Sons and Fascination/Sister Feelings Call
(1981)
New Gold Dream (81–82–83–84) Sparkle in the Rain
(1984)


New Gold Dream (81–82–83–84) er det femte studioalbumet til det skotske bandet Simple Minds. Albumet kom ut i september 1982 på selskapet Virgin, og var eit vendepunkt for bandet med god kritikk og gode salstal i Storbritannia og Europa.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

New Gold Dream sprang ut frå den uventa populære og kommersielle suksessen under ein australsk turné med bandet Icehouse, etter Sons and Fascination. Bandet vart inspirert til å skrive «Promised You a Miracle» då dei kom attende til Europa.[4]

I eit intervju i 2012 med songaren Jim Kerr fortalte han at innspelinga av albumet var ei fin tid på seinvåren og tidleg på sommaren i 1982 der «alt me prøvde fungerte. Det var ingen kranglar. Me var forelska i det me gjorde, spelte det, lytta til det. Du får ikkje slik mange periodar i livet ditt når alt går din veg.»[4]

Albumet vart spelt inn i løpet av fem månadar i Rockfield Studio, The Townhouse og Oxford Manor, med førproduksjon i The Old Mill i Fife. På ein kort øvingsturné i januar 1982 skreiv bandet det som vart songane «King Is White and In the Crowd», «Hunter and the Hunted» og «Promised You a Miracle». Sistnemnde vart viktig for den musikalske retninga på albumet. «Promised You a Miracle» vart først spelt av Kid Jensen for Radio 1 og gjeven ut på singel i april 1982.[5]

For innspelinga av albumet henta dei inn produsenten Peter Walsh etter tilråding frå gitaristen Charlie Burchill, som var imponert over arbeidet Walsh gjorde på remiksen av den førre singelen deira, «Sweat in Bullet». Under innspelinga vart det klart at trommeslagaren i bandet, Mike Ogletree, ikkje nådde heilt opp. Walsh valte å hente inn studiotrommeslagaren Mel Gaynor til å spele på albumet, og etter at Ogletree slutta, vart Gaynor fulltidsmedlem i bandet.[5]

Jazz-klaverspelaren Herbie Hancock var gjesteartist på albumet og spelar ein synthesizer-solo på songen «Hunter and the Hunted».[5]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut i september 1982 og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart.[6] I USA gav A&M ut ei avgrensa utgåve i gjennomsiktig gull med raudbrun marmorfarga vinyl.[7]

Det vart gjeve ut fleire singlar frå albumet: «Promised You a Miracle» (april 1982), «Glittering Prize» (august 1982) og «Someone Somewhere in Summertime» (november 1982). Tittelsporet vart gjeven ut på ein avgrensa singel i Italia, då bandet vitja landet på turné i mars 1983.

Virgin Records gav ut ei ommastra utgåve av albumet i 2002 (som etterlikna pappomslaget) og tidleg i 2003 (plastomslag). På denne utgåva er mellomrommet mellom songane på albumet noko kortare. Virgin gav òg ut albumet på SACD i 2003 og i 2005 kom ei utgåve på DVD-Audio, som vart miksa heilt på nytt av Roland Prent. Alle spora utanom «Colours Fly and Catherine Wheel» og «Promised You a Miracle» vart miksa på ny i 5.1-kringlyd.

I 2016 gav Virgin ut ein plateboks på seks palter som inkluderte originalalbum, singelversjonane, alternative opptak og demoar, b-sider, radioinnspelinga og ein DVD med 5.1-kringlydmiks av albumet og framsyningar på Top of the Pops.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[8]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[9]
The Great Rock Discography8/10[10]
Mojo4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[11]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[12]
Record Collector5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[13]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[14]
Smash Hits8/10[15]
Uncut5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[16]
The Village VoiceC+[17]

Albumet fekk god kritikk då det kom ut. I NME skreiv Paul Morley: «Lojaliteten min til Simple Minds er kjend for å vere stor, men sjølv eg blir knust av den stadige venleiken i musikken. New Gold Dream tek lufta frå meg.» Record Mirror-skribenten Mark Cooper: «Dei har overraska og imponert meg, men dei har sjeldan rørt meg. Brått, på New Gold Dream, har dei komen over frykta si for kjensler og kjem ut skinande.»[5]

Seinare sette journalisten David Stubbs New Gold Dream (81–82–83–84) i lag med ABC-albumet The Lexicon of Love og The Associates sitt Sulk, som ei gruppe album som han skildra som «senit» i popen.[4] I ei melding i 2016 skreiv Record Collector-skribenten Tom Byford: «New Gold Dream (81-82-83-84) står skinande og eineståande i Simple Minds-kanonen. No tar det ikkje berre plass blant dei beste framtidige pop-albuma i 1980-åra (Dare, The Lexicon Of Love), det sit òg komfortabelt ved sidan av dei beste popalbuma gjennom tidene.»[13]

Albumet vart inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[18]

Då det irske rockebandet U2 laga The Unforgettable Fire i 1984, omtalte dei New Gold Dream som ei inspirasjonskjelde.[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Simple Minds (Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil); utanom der andre er nemnde.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Someone Somewhere in Summertime»4:36
2.«Colours Fly and Catherine Wheel»3:49
3.«Promised You a Miracle»4:28
4.«Big Sleep»5:00
5.«Somebody Up There Likes You»5:02
Side B
Nr.TittelLengd
6.«New Gold Dream (81–82–83–84)»5:39
7.«Glittering Prize»4:33
8.«Hunter and the Hunted»5:55
9.«King is White and in the Crowd»7:00
Bonusspor på DVDA-utgåva frå 2005
Nr.TittelLengd
10.«In Every Heaven»4:50
Luksusutgåve plate 1: The Original Album
Nr.TittelLengd
1.«Someone Somewhere in Summertime»4:36
2.«Colours Fly and Catherine Wheel»3:49
3.«Promised You a Miracle»4:28
4.«Big Sleep»5:00
5.«Somebody Up There Likes You»5:02
6.«New Gold Dream (81–82–83–84)»5:39
7.«Glittering Prize»4:33
8.«Hunter and the Hunted»5:55
9.«King is White and in the Crowd»7:00
Luksusutgåve Plate 2: Extended Versions
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Promised You a Miracle» (Extended) 4:51
2.«Seeing Out the Angel» (Instrumental Remix)Brian McGee, Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil6:32
3.«Promised You a Miracle» (US Remix) 6:00
4.«Promised You a Miracle» (US Dub) 5:28
5.«Promised You a Miracle» (US Special Extended Remix) 6:11
6.«Glittering Prize» (Club Mix) 4:57
7.«Glittering Prize» (Extended Theme) 4:57
8.«Someone Somewhere in Summertime» (Extended) 6:06
9.«New Gold Dream (81–82–83–84)» (Tysk 12" Mix) 6:53
10.«King is White and in the Crowd» (Instrumental) 8:46
11.«New Gold Dream (81–82–83–84)» (Tysk 12" Remix med trommer) 6:56
12.«In Every Heaven» 4:24
Luksusutgåve Plate 3: Edits And B-Sides
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Promised You a Miracle» (Edit) 3:59
2.«Theme for Great Cities»Brian McGee, Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil5:42
3.«Glittering Prize» (Edit) 3:58
4.«Glittering Prize» (Theme) 4:06
5.«Someone Somewhere in Summertime» (Edit) 3:55
6.«Soundtrack for Every Heaven» 4:56
7.«New Gold Dream (81–82–83–84)» (7" Mix) 4:46
Luksusutgåve Plate 4: Radio Sessions
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Promised You a Miracle» (David Jensen Session: 11. februar 1982) 4:27
2.«In Trance as Mission» (David Jensen Session: 11. februar 1982)Brian McGee, Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil4:30
3.«King Is White and in the Crowd» (David Jensen Session: 11. februar 1982) 5:18
4.«Promised You a Miracle» (John Peel Session: 15. februar 1982) 4:38
5.«Love Song» (John Peel Session: 15. februar 1982)Brian McGee, Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil5:48
6.«Sons And Fascination» (John Peel Session: 15. februar 1982)Brian McGee, Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil6:42
7.«King is White and in the Crowd» (John Peel Session: 15. februar 1982) 6:05
8.«Someone Somewhere in Summertime» (David Jensen Session: 13. august 1982) 5:09
9.«Glittering Prize» (David Jensen Session: 13. august 1982) 4:19
10.«Hunter and the Hunted» (David Jensen Session: 13. august 1982) 5:55
Luksusutgåve Plate 5: Alternative Mixes, Roughs and Demos
Nr.TittelLengd
1.«Someone Somewhere in Summertime» (Full Duration)5:43
2.«Colours Fly and Catherine Wheel» (Full Duration Instrumental)4:37
3.«Promised You a Miracle» (Remix For Album: Long)4:50
4.«Big Sleep» (Instrumental)5:09
5.«In Every Heaven» (Full Duration)5:37
6.«Somebody Up There Likes You» (Full Duration Instrumental)5:11
7.«New Gold Dream (81–82–83–84)» (Full Duration)7:01
8.«Hunter and the Hunted» (Alternative Take)5:14
9.«King is White and in the Crowd» (Monitor Mix)7:13
10.«In Every Heaven» (Early Version)4:35
Luksusutgåve Plate 6 (DVD): New Gold Dream (5.1 Mix & Videos)
Nr.TittelLengd
1.«Someone Somewhere in Summertime» (5.1 Mix)5:22
2.«Colours Fly and Catherine Wheel» (5.1 Mix)3:49
3.«Promised You a Miracle» (5.1 Mix)4:28
4.«Big Sleep» (5.1 Mix)5:27
5.«Somebody Up There Likes You» (5.1 Mix)5:45
6.«New Gold Dream (81–82–83–84)» (5.1 Mix)6:08
7.«Glittering Prize» (5.1 Mix)4:40
8.«Hunter and the Hunted» (5.1 Mix)6:09
9.«King is White and in the Crowd» (5.1 Mix)7:31
10.«In Every Heaven» (5.1 Mix)4:46
11.«Promised You a Miracle» (Promo Video)4:03
12.«Glittering Prize» (Promo Video)4:03
13.«Promised You a Miracle» (Top Of The Pops Performance 17. april 1982)3:33
14.«Glittering Prize» (Top Of The Pops Performance 2. september 1982)3:39

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Simple Minds

Andre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Australia (Kent Music Report)[20] 8
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[21] 31
New Zealand (RIANZ)[22] 2
UK (OCC)[23] 3
Liste (2016) Plassering
Belgiske album (Ultratop Flandern)[24] 40
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[25] 21
Nederlandske album (MegaCharts)[26] 65
Tyske album (Offizielle Top 100)[27] 47
New Zealand Heatseekers Albums (RMNZ)[28] 10
Skotske album (OCC)[29] 10
Britiske album (OCC)[30] 47

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[31] Gull 50 000^
Frankrike (SNEP)[32] Gull 100 000*
Nederland (NVPI)[33] Platina 100 000^
New Zealand (RMNZ)[34] Platina 15 000^
Sverige (GLF)[35] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[36] Platina 300 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.simpleminds.org/sm/songs/demos/ngd/tape3.htm
  2. http://www.simpleminds.org/sm/tours/t1982-1/index.htm
  3. Kellman, Andy. «Real to Real Cacophony – Simple Minds». AllMusic. Henta 6. september 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Stubbs, David (21. februar 2012). «A Glittering Prize – Jim Kerr Of Simple Minds Interviewed». The Quietus. Henta 9. september 2020. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 New Gold Dream Box Set Simple Minds.com
  6. «Simple Minds». Biography. Music Scotland. Henta 6. september 2020. 
  7. «Simple Minds – New Gold Dream (81-82-83-84)». 
  8. Wilson, MacKenzie. «New Gold Dream (81–82–83–84) – Simple Minds». AllMusic. Henta 8. september 2020. 
  9. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  10. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography (1st utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 970. ISBN 1-84195-985-5. 
  11. Eccleston, Danny (September 2016). «Precious mettle». Mojo (274): 105. 
  12. «Simple Minds: New Gold Dream (81–82–83–84)». Q (211): 117. February 2004. 
  13. 13,0 13,1 Byford, Tom (September 2016). «Simple Minds – New Gold Dream (81–82–83–84)». Record Collector (457). Henta 6. januar 2017. 
  14. Fricke, David (14. april 1983). «Simple Minds: New Gold Dream (81-82-83-84)». Rolling Stone (393). ISSN 0035-791X. Arkivert frå originalen 17. november 2007. 
  15. Hepworth, David (30. september – 13. oktober 1982). «Albums». Smash Hits: 25. 
  16. «Simple Minds: New Gold Dream (81–82–83–84)». Uncut (66): 139. November 2002. 
  17. Christgau, Robert (26. juli 1983). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 8. januar 2013. 
  18. Dimery, Robert (2006). 1001 Albums You Must Hear before You Die. New York: Universe. ISBN 978-0-7893-1371-3. 
  19. «Brian Eno and Daniel Lanois Remember the Making of U2's Unforgettable Fire – Pitchfork». 
  20. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book Ltd. ISBN 0-646-11917-6.  Note: Used for Australian Singles and Albums charting from 1974 until Australian Recording Industry Association (ARIA) created their own charts in mid-1988. In 1992, Kent back calculated chart positions for 1970–1974.
  21. «Simple Minds - New Gold Dream (81/82/83/84)». Henta 10. august 2017. 
  22. «SIMPLE MINDS - NEW GOLD DREAM (81/82/83/84) (ALBUM)». Henta 9. august 2017. 
  23. «Official Charts > Simple Minds». The Official UK Charts Company. Henta 9. august 2017. 
  24. "Simple Minds – New Gold Dream (81/82/83/84) – Remastered 2016" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 9. september 2020.
  25. "Simple Minds – New Gold Dream (81/82/83/84) – Remastered 2016" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 9. september 2020.
  26. "Simple Minds – New Gold Dream (81/82/83/84) – Remastered 2016". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 9. september 2020.
  27. "Offiziellecharts.de – Simple Minds – New Gold Dream (81/82/83/84)" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. september 2020.
  28. «NZ Heatseekers Albums Chart». Recorded Music NZ. 19. september 2020. Henta 9. september 2020. 
  29. "2016-08-05 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. september 2020.
  30. "2016-08-05 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. september 2020.
  31. «Canadian album salstrofé – Simple Minds – New Gold Dream». Music Canada. Henta 6. september 2020. 
  32. «Les Certifications depuis 1973: Albums». Infodisc.fr. Henta 6. september 2020.  (select «Simple Minds» from drop-down list)
  33. «Dutch album salstrofé – Simple Minds – New Gold Dream» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 6. september 2020. 
  34. «New Zealand album salstrofé – Simple Minds – New Gold Dream». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 20. juni 2019. 
  35. «Guld- och Platinacertifikat − År 1987−1998» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. Henta 6. september 2020. 
  36. «British album salstrofé – Simple Minds – New Gold Dream». British Phonographic Industry. Henta 6. september 2020.  Enter New Gold Dream in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go