Nathalie Sarraute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nathalie Sarraute
Nathalie Sarraute (crop).jpg
Fødd 18. juli 1900, 18. juli 1902
Ivanovo
Død

19. oktober 1999, 19. september 1999 (99 år)
Paris

Yrke skribent, romanforfattar, skodespelforfattar, diktarjurist, forfattar, advokat, litteraturkritikar
Språk fransk
Ektefelle Raymond Sarraute
Born Anne Sarraute, Claude Sarraute
Signatur Signatur
Nathalie Sarraute på Commons

Nathalie Sarraute (18. juli 190019. oktober 1999) var ein fransk advokat og forfattar. Ho er knytt til «den nye romanen», ei litterær fransk rørsle som utvikla seg frå 1950-talet og framover. Den fyrste romanen hennar var Tropismer, som var skriven i 1934 men fyrst kom ut i 1939, og var den einaste som kom ut før krigen. Fleire av verka hennar er omsette til norsk.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Sarraute var fødd som Natasja Ilinitsjna Tsjernjak (russisk: Ната́лья Ильи́нична Черня́к, Natalja Tsjernjak) i Ivanovo (den gongen kjend som Ivanovo-Voznesensk), 300 km nordaust for Moskva, i 1900 (ho refererte ofte til fødselsåret sitt som 1902, ein dato som framleis blir sitert i enkelte referanseverk). Ho var dotter av forfattaren Pauline (fødd Tsjatounovskij) og kjemikaren Ilja Tsjernjak.[1] Ho var av russisk-jødisk opphav. Som følgje av at foreldra hennar skilde seg, blei ho i barndommen sendt fram og tilbake mellom Frankrike og Russland. I 1909 flytta ho til Paris for godt saman med faren sin.

Sarraute studerte juss og litteratur ved Sorbonne. Ho var særskild begeistra for samtidslitteraturen og verka til Marcel Proust og Virginia Woolf som begge påverka oppfattinga hennar av romanen. Seinare studerte ho historie ved University of Oxford og sosiologi i Berlin før tok fransk eksamen i juss og blei advokat.

I 1925 gifta ho seg med Raymond Sarraute, også han advokat. Dei fekk tre barn saman, alle døtrer. I 1932 skreiv ho den første boka si, Tropismes (Tropismer),[2] som bestod av ei rekkje korte skisser og sjølvbiografi som sette tonen for heile forfattarskapet hennar. Romanen kom fyrst ut i 1939, og tyngden av den andre verdskrigen hemma populariteten hans. I 1941 blei Sarraute avsett frå yrket sitt fordi ho var jøde etter dei innførte nazi-lovane. I løpet av denne tida gjekk ho i dekning og gjorde samtidig førebuingar for å skilja seg frå ektemannen sin i eit forsøk på å verna han, men dei kom til sist til å halda saman.

Sarraute døydde 99 år gammal i Paris. Dottera hennar, journalisten Claude Sarraute, var gift med den franske akademikaren Jean-François Revel.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Sarraute vigde seg til litteraturen. Den fyrste boka hennar etter krigen og det mest framståande verket hennar var Portrait d'un inconnu («Portrett av ein ukjend mann», 1948), ei bok som blei hylla av Jean-Paul Sartre. Han refererte til boka som ein «anti-roman», og bidra òg med eit forord. Trass i framifrå omtale fekk bøkene hennar berre merksemd av litteratar. Det same skjedde med etterfølgjaren Martereau (1953).

Sarraute sitt essay L'Ère du soupçon (Tidsalderen til mistanken: essays om romanen, 1956) fungerte som eit byrjande manifest for den litterære rørsla nouveau roman, «den nye romanen», ved sida av Alain Robbe-Grillet sin Pour un Nouveau Roman («For ein ny roman», 1963). Sarraute blei, saman med Robbe-Grillet, Claude Simon, Marguerite Duras og Michel Butor, ein av personlegdommane som er mest assosiert med framveksten av denne nye utviklinga i litteraturen. Ein søkte på radikalt vis å omforme dei tradisjonelle narrative forteljarfigurane og handlingsgangen i sjangeren. Sarraute blei lønat med prisen Prix international de littérature for romanen Les Fruits d'or (Gullfruktene, 1963), noko førte til større omtale og merksemd for forfattaren. Det same året byrja Sarraute òg å arbeida som dramatikar, og skreiv til sist sju skodespel, inkludert Le Silence (1963), Le Mensonge (1965) og Elle est là (1993). Som eit resultat av den veksande populariteten hennar og offentlege profilen hennar vart ho invitert til å tala ved eit tal litterære hendingar og hendingar både i Frankrike og i utlandet.

Verka til Sarraute, inkludert romanane Entre la via et la mort («Mellom liv og død», 1968), L'Usage de la parole («Bruken av tale», 1980), og Tu ne t'aimes pas («Du elsker ikke deg selv», 1989), er blitt omsette til meir enn 30 språk. Bøkene hennar er ofte blitt omtalte som «vanskelege» som eit resultat av den eksperimentelle stilen hennar og oppheving av tradisjonelle litterære konvensjonar. Sarraute feira den døden til den litterære «karakteren» og verdsette først og fremst skapinga av ei trufast avbilding av psykologiske fenomen, som i den lange novella hennar Les Fruits d'or, som berre består av indre monologar, og romanen Le Planetarium (Planetariet, 1959) som fokuserte på ein ung mann sin besettelse om å arva leilegheita til tanta si. At perspektivet og synsvinkelen jamleg skifta i tekstane hennar bidrog på den eine sida til å underminera handa til forfattaren medan det samtidig omfamna mangelen på samanheng som finst i det verkelege livet.

I kontrast til den relative vanskelege tilgjengelegheiten i romanane til Sarraute, er sjølvbiografien hennar Enfance (Barndom, 1983) rekna som langt meir tilgjengeleg for lesarane. Han blei skriven då ho var over åtti år gammal, og er skrive direkte og rett fram som om ho utfordra si eiga evne til å nøyaktig hugsa fortida medan ho skreiv. På 1980-talet blei sjølvbiografien gjort om til eit skodespel i ein akt på Broadway med Glenn Close i hovudrolla. Spørsmåla om minnet som Sarraute framheva i sjølvbiografien sin blei vidareført i den siste romanen hennar Ici (norsk utgåve Her), som kom ut i 1995. Her utforska forfattaren ei rekke eksistensielle spørsmål knytt til formløysa i både den individuelle og den sosiale verkelegheita.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Tropismes, 1939 – norsk utgåve Tropismer (1960) omsett av Eivind Hauge
  • Portrait d’un inconnu, 1948
  • Martereau 1953 (roman)
  • L'Ère du soupçon, 1956 (essay) – norsk utgåve Mistankens tidsalder: essays om romanen (1995) skodespelav Bente Christensen ISBN 82-7488-053-6
  • Le Planétarium, 1959 (roman) – norsk utgåve Planetariet (1967) omsett av Carl Hambro
  • Les Fruits d'or, 1963 (roman) – norsk utgåve Gullfruktene (2002) omsett av Elin Beate Tobiassen ISBN 82-7488-125-7
  • Le Silence 1964 (skodespel)
  • Le Mensonge, 1966 (roman)
  • Entre la vie et la mort 1968 (roman)
  • Isma, ou ce qui s’appelle rien 1970 (skodespel)
  • Vous les entendez ? 1972 (roman)
  • C’est beau 1975 (skodespel)
  • « disent les imbéciles », 1976 (roman)
  • L’Usage de la parole 1980 (roman)
  • Enfance 1983 (selvbiografi) – norsk utgåve Barndom (1984) omsett av Annie Riis ISBN 82-05-14903-8
  • Tu ne t’aimes pas 1989 (roman) – norsk utgåve: Du er ikke glad i deg (1995) omsett av Elin Beate Tobiassen ISBN 82-7488-050-1
  • Elle est là 1993 (skodespel)
  • Pour un oui ou pour un non 1993 (skodespel) – norsk utgåve For eit godt ord (2004), omsett av Ragnar Hovland ISBN 82-521-6372-6
  • Ici 1995 (roman) – norsk utgåve Her (1996), omsett av Elin Beate Tobiassen ISBN 82-03-20248-9
  • Ouvrez 1997 (roman)
  • Lecture 1998

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nathalie Sarraute Biography
  2. Titler i kursiv viser til norske utgivelser, se bibliografi under, mens de i sitattegn er kun oversettelser av den franske tittelen

Litteratur[endre | endre wikiteksten]