Claude Simon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Claude Simon
Claude Simon ca 1932.jpg
Fødd 10. oktober 1913
Antananarivo
Død

6. juli 2005
Paris

Yrke skribent, romanforfattar
Språk fransk
Claude Simon på Commons
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1985

Claude Simon (10. oktober 19136. juli 2005) var ein fransk forfattar som vann Nobelprisen i litteratur for 1985. Svenska Akademien sa i grunngjevinga at han var ein forfattar «som i sina romaner förenar poetens och målarens skapande med ett fördjupat tidsmedvetande i skildringen av mänskliga villkor.»[1][2]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Simon blei fødd i Antananarivo i den tidlegare franske kolonien Madagaskar som son av ein offiser i marineinfanteriet. Familien vendte tilbake til Frankrike i 1914. Faren fall i Flandern i byrjinga av den første verdskrigen og Simon voks opp i Perpignan, mora sin heimplass.

Etter at mora døydde i 1924 tok ein av fetrane hennar, ein pensjonert kavalerioffiser, ansvaret for den elleveårige guten. Simon budde på eit internat i Paris og gjekk seinare på målerikurs. I 1934/35 avtente han militærteneste som kavallerist. I to veker var han ved hovudkvarteret til dei republikanske under den spanske borgarkrigen, men returnerte til Frankrike då han ikkje fann meiningsfylte oppgåver i Barcelona. I Frankrike var han med i ei gruppe som organiserte våpenforsynigar for den republikanske sida. I 1937 reiste han på ei stor europareise som førde han til Berlin, Warszawa, Sovjetunionen, Istanbul, Hellas og Nord-Italia. Dei første litterære eksperimenta hans kom på denne tida; sjølv rekna han dei som ubetydelege.

Under oppseglinga til den andre verdskrigen blei Simon i august 1939 kalla inn til sin gamle kavallerieining. Skvadronen hans blei slått ut i Belgia og han sjølv sendt i krigsfangenskap i Mühlberg ved Elben. Krigserfaringane gav han seinare ei litterær form i ulike romanar, som La Route des Flandres, Les Géorgiques, L'Acacia. I oktober klarte han å flykte og kom seg til Perpignan som ikkje var okkupert av Tyskland. Då representantar for Vichy-regjeringa blei merksam på han, unngjekk han fengsling ved å stikke seg bort i Paris.

Han skreiv den første romanen sin på denne tida, Le Tricheur. Den kom ut i 1945 og vekte like lite merksemd som dei tre neste bøkene. I 1956 blei han kjend med Alain Robbe-Grillet som arbeidde i forlaget Editions de Minuit, og han oppmoda Simon om å publisere hos dei. Forlaget var ein arnestad for den litterære rørsla som seinare blei kjend som nouveau roman. I tida som følgde voks kjennskapen til Simon og fleire av tekstane hans kom ut i omsetjingar.

I 1961 fekk han tidsskriftet L'Express sin pris for La Route des Flandres, i 1967 Prix Médicis for Histoire. Til stor overrasking for offentlegheita og store delar av fagmiljøet fekk han Nobelprisen i litteratur for 1985.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Simon skreiv hovudsakleg romanar. Verka hans blir rekna til nouveau roman-rørsla som klårt skil seg frå den klassiske 1800-tals litteraturen. Til dømes manglar ein allvitande forteljar som kan leie lesaren gjennom ei kronologisk handling. Simon sin forteljarrøyst syner ingen djupare innsikt i det som skjer og innskrenkar seg stort sett til ein ytre skildring utan at dei enkelte fragmenta er lette å plassere i ein overordna handlingstråd. Ein psykologisk karakterisering av romanfigurane eller forklaring av handlingane deira finn ikkje stad, i staden tek lesaren del i tankane og motiva til figurane gjennom lange passasjar med monologar og indirekte eller opplevd tale. Romanane er bygd opp av ei lang rekke fragmenterte handlingsstrengar som kan bli brått avbrotne, i blant midt i ein setning, og tatt opp att seinare i teksten. Handlingsstrengane er knytte tett saman utan at det finst ei kronologisk handling.

Tematisk og stilistisk er verka til Simon høgst originale. I ei eller anna form er krigen til stades i nesten alle av dei utgjevne verka hans, og ofte plasserer han erfaringar som ulike einskildindivid har med forskjellige historiske konfliktar i ein og same roman: I L'Acacia den første og andre verdskrigen, romanen omhandlar òg verknadane krigen fekk for soldatenkene, og i Les Géorgiques dei franske revolusjonskrigane og den andre verdskrigen.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Le Vent, 1957
  • L'Herbe, 1958
  • La Route de Flandres, 1960. Veien gjennom Flandern, 1985, omsett og med forord av Carl Hambro
  • Le Palace, 1962
  • L'Histoire, 1967. Historie, 1968, omsett av Carl Hambro
  • Triptyque, 1973
  • Les Géorgiques, 1981. Sverd og sigd, 1982, omsett av Carl Hambro
  • L'Acacia, 1989. Akasietreet, 1991, omsett av Karin Holter
  • Le jardin des plantes, 1997. Erindringens hage, 2000, omsett av Karin Holter

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "who in his novel combines the poet's and the painter's creativeness with a deepened awareness of time in the depiction of the human condition".
  2. Nobelprisen i litteratur 1985

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]