Nils A. Lavik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils A. Lavik
Fødd 8. januar 1884
Død 14. juli 1966
Parti Kristeleg Folkeparti, Venstre

Nils Andresson Lavik, (8. januar 188414. juli 1966), var ein norsk politikar, redaktør, predikant og småbrukar frå Eksingedalen, i noverande Vaksdal kommune. Han var Kristeleg Folkeparti sin fyrste representant til Stortinget. Andres Lavik var far hans.

I perioden 1931 til 1933 var Lavik vararepresentant til Stortinget for Venstre. Før stortingsvalet i 1933 vart han forbigått i nominasjonen til Hordaland Venstre, og dette var ei av dei utløysande årsakene til at det nye partiet Kristeleg Folkeparti vart skipa same år. Lavik vart vald inn frå Hordaland for Kristeleg Folkeparti, og sat på Stortinget til 1953. Han var formann i Kristeleg Folkeparti frå 1938 til 1951.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kristian Helland, Pietist i kulturkamp: Nils Lavik og framveksten av Kristeleg Folkeparti (NLA-forlaget, 2003).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]