Valgerd Svarstad Haugland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valgerd Svarstad Haugland
none  Valgerd Svarstad Haugland i 2004Foto: Kirkens informasjonstjeneste
Valgerd Svarstad Haugland i 2004
Foto: Kirkens informasjonstjeneste
Fødd 23. august 1956

Kvam

Valgerd Svarstad Haugland (fødd 23. august 1956) er ein norsk politikar (KrF). Ho var stortingsrepresentant frå Akershus i perioden 19932005. Ho var sekretær i Stortingets sosialkomite 1993-1997 og nestleiar i Finanskomiteen 2000-2001. Ho var Barne-, familie- og forbrukarminister oktober 1997–mars 2000, og Kultur- og kyrkjeminister oktober 2001–oktober 2005.

Svarstad Haugland tok over etter Kjell Magne Bondevik som leiar for Kristeleg Folkeparti (KrF) i 1995 og vart etterfølgt av Dagfinn Høybråten i 2004. Ho gjekk av etter å ha fått mykje av skylda for sviktande veljaroppslutning for KrF i kommune- og fylkestingsvalet 2003. Men leiarperioden hennar i Kristeleg Folkeparti vert kjenneteikna først og fremst ved historisk høg oppslutning om partiet i val både i 1997, 1999 og 2001. Mange vil òg hugse ho som «mor til kontantstøtta» - som Barne-, familie- og forbrukarminister var ho ansvarleg for å innføre denne til no siste store velferdsordninga i Noreg. I 2005 stilte ho til gjenval til Stortinget for Akershus. Dette førte til at Høybråten, som òg kjem frå Akershus, vart nominert på første plass i Rogaland (ein fordel for Høybråten ettersom førsteplassen i Rogaland er eit sokalla sikkert mandat). Valgerd Svarstad Haugland mista KrF-mandatet frå Akershus i 2005. Hennar håndtering av Medhaug-saka i 2003 vart sterkt kritisert, og kan ha vore ei viktig årsak til at ho ikkje vart gjenvalt til Stortinget.

Sidan 2006 har ho vore kyrkjeverge i Oslo og nestleiar i NRK-styret, i tillegg til ei rekkje andre styreverv i privat og offentleg verksemd.

Valgerd Svarstad Haugland voks opp ved Norheimsund i Hardanger og er er utdanna lærar frå Alta lærarhøgskule 1975-1979, og har mellomfag i statsvitskap frå Universitetet i Oslo og grunnfag i kristendom frå Menighetsfakultetet. I tillegg til ei svært lang rekkje verv i KrF har ho arbeidd som lærar ved tre ulike ungdomsskular, og vore dagleg leiar for Kristeleg Folkepartis Kvinner 1989-1991.

Haugland vart kommandør av St. Olavs Orden i 2004, etter fire års teneste som statsråd. I samband med landsmøtet til Kristeleg Folkeparti våren 2007, vart Valgerd Svarstad Haugland foreslått som nytt æresmedlem av partiet, men takka nei med den grunngjevinga at det var «for tidleg».

Valgerd Svarstad Haugland fekk sin politiske biografi i Olav Kobbeltveit si bok Valgerd: eit portrett i 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]