Nils Lysø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Lysø
Fødd3. september 1905
Død7. juli 1977
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Nils Kristian Lysø (3. september 19057. juli 1977) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, fødd i Jøssund. Han var statsråd i Fiskeridepartementet (fiskeriminister) i Einar Gerhardsen si tredje regjering frå 22. januar 1955 til 28. august 1963.

Nils Lysø var son til småbrukar og bygningshandverkar Helmer Johansen Lysø og Jørgine Hansen Lysøkak. Han overtok farsgarden i 1939. Han var også utdanna som kystskipper, og arbeidde som fiskar ved sidan av gardsdrifta. Frå 1940 til 1947 arbeidde han også som likningssekretær.

Lysø var medlem i Jøssund kommunestyre 1936-1937 og 1937-1945, ordførar 1945-1947, 1947-1951 og 1951-1953, og medlem 1953-1954. Han var medlem i fylkestinget for Sør-Trøndelag 1945-1947, 1947-1951 og 1951-1955, og medlem i fylkesutvalet 1951-1955. Han var sekretær i Sør-Trøndelag fiskarlag 1945-1954, og generalsekretær i Norges Fiskarlag frå 1954 til 1955.

Nils Lysø var vararepresentant til Stortinget i periodane 1950-53 og 1954-57. Frå 1958 til 1965 hadde Lysø fast plass. Etter at han gjekk ut av regjeringa i 1963 sat Lysø først i Sosialkomiteen, og seinare i Finans- og tollkomiteen.

Frå 1963 til 1974 var Lysø fylkesmann i Sør-Trøndelag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]