Otto Gregussen
Otto Gregussen | |
Fødd | 15. september 1956 Bodø |
Yrke | politikar |
Otto Gregussen (fødd 15. september 1956) i Bodø er ein norsk næringslivsleiar og politikar frå Arbeidarpartiet.
I 1992 blei han utnemnd til politisk rådgjevar i Fiskeridepartementet, eit verv han hadde fram til 1994. Deretter var han statssekretær i det same departementet, fram til 1996.
I 2000 blei Otto Gregussen statsråd og sjef for Fiskeridepartementet (fiskeriminister) i Jens Stoltenberg si første regjering. Han blei sitjande til regjeringa gjekk av etter stortingsvalet 2001.
Gregussen har også hatt fleire leiande stillingar innan fiskeriorganisasjonane og innan næringslivet. Han har blant anna vore administrerande direktør i Norske Fiskeoppdretteres Forening og administrerende direktør i Norshell. Han har også vore regiondirektør i Trøndelag NHO.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Norske fiskeri- og kystministrar | |
---|---|
Reidar Carlsen (1946–51) · Peder Holt (1951–55) · Nils Lysø (1955–63) · Onar Onarheim (1963) · Magnus Andersen (1963–65) · Oddmund Myklebust (1965–68) · Einar Moxnes (1968–71) · Knut Hoem (1971–72) · Magnus Andersen (1972) · Trygve Olsen (1972–73) · Eivind Bolle (1973–81) · Thor Listau (1981–85) · Eivind Reiten (1985–86) · Bjarne Mørk-Eidem (1986–89) · Svein Munkejord (1989–90) · Oddrunn Pettersen (1990–92) · Jan Henry T. Olsen (1992–96) · Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (1996–97) · Peter Angelsen (1997–2000) · Lars Peder Brekk (2000) · Otto Gregussen (2000–01) · Svein Ludvigsen (2001–05) · Helga Pedersen (2005–2009) · Lisbeth Berg-Hansen (2009–2013) · Elisabeth Aspaker (2013–2015) · Per Sandberg (2015–) |
|