Geir Inge Sivertsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Inge Sivertsen
Geir-Inge Sivertsen (2017-03-12 bilde01).jpg
Fødd29. august 1965 (56 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bygningsingeniør, forretningsdrivande
Utdanna vedNarvik ingeniørhøgskole
Noregs tekniske høgskole
VervNoregs fiskeriminister 24. januar 2020 – 2. mars 2020
FøregangarHarald T. Nesvik
VervStatssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet 4. november 2019 – 24. januar 2020
VervOrdførar i Lenvik 2011–2019
FøregangarMartin Ness

Geir Inge Sivertsen (fødd 29. august 1965)[1] er ein norsk politikar (H) og forretningsmann. Han var fiskeriminister i regjeringa Solberg frå 24. januar til 2. mars 2020.[2]

Frå 2011 til 2019 var han ordførar i Lenvik kommune, der han hadde sete i kommunestyret sidan 1999. Frå 2020 er han varaordførar i den samanslåtte Senja kommune. I november 2019 var Sivertsen statssekretær for tidlegare næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i Nærings- og fiskeridepartementet.[1]

Før han blei ordførar, var Sivertsen administrerande direktør i Nor-Team Entreprenørforretning på Finnsnes. Han er utdanna bygningsingeniør frå Narvik ingeniørhøgskole frå 1989 og sivilingeniør i bygningsteknikk frå NTH frå 1992. Han har også gått befalskurset ved Befalsskolen for Infanteriet i Nord-Norge.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Statssekretær Geir Inge Sivertsen (H)». regjeringen.no. Henta 27. desember 2019. 
  2. Statsministerens kontor (2. mars 2020). «Endringar i regjeringa». Regjeringa.no. Henta 2. mars 2020.