Harald T. Nesvik
Harald T. Nesvik | |
![]() | |
Fødd | 4. mai 1966 (56 år) Ålesund |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Framstegspartiet |
Yrke | politikar, fotballspelar |
Verv | Norsk fiskeriminister 13. august 2018 |
Føregangar | Per Sandberg |
Verv | Parlamentarisk leiar for Framstegspartiet 17. oktober 2013-2. oktober 2017 |
Føregangar | Siv Jensen |
Verv | Stortingsrepresentant for Møre og Romsdal 1. oktober 1997-30. september 2017 |
Harald Tom Nesvik (fødd 4. mai 1966 i Ålesund) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han har sete på Stortinget for Møre og Romsdal sidan 1997. Den 13. august 2018 vart han utnemnd til fiskeriminister i regjeringa Solberg.[1]
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Frå Ålesund VGS har han grunnkurs frå kontorlinja 1982–1983, VKI frå rekneskapslinja 1983–1984, og VKII frå EDB-linja 1984–1985. Nesvik har teke eksportmarknadsføring for fiskeri ved Møre og Romsdals fiskeritekniske høgskole 1991–1993.
Nesvik har arbeidd som instruktør ved Parken helsestudio 1988–1990, dørvakt i Activ vaktselskap 1988–1995, og som seljar ved Moa Elektromarked frå 1995 (permisjon frå 1997).
Politikk[endre | endre wikiteksten]
Nesvik vart utnemnd til fylkesmann i Møre og Romsdal med tiltreding i 2019, men valde å seia frå seg embetet. Han gjekk heller til ei stilling som sjef for informasjon og samfunnskontakt i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans i Ålesund. Denne stillinga sa han opp då han fekk spørsmål om å verta fiskeriminister.[2]
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 1997–2001: Medlem i Sosialkomiteen
- 1997–2001: Varamedlem i Valkomiteen
- 2001–2005: Medlem i Sosialkomiteen
- 2001–2005: Medlem i Valkomiteen
- 2005–2009: Leiar i Helse- og omsorgskomiteen
- 2005–2009: Varamedlem i Valkomiteen
- 2009–2013: Medlem i Næringskomiteen
- 2009–2013: Varamedlem i Valkomiteen
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Harald T. Nesvik» frå Wikipedia på bokmål, den 10. september 2010.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Kalajdzic, Pedja. «Per Sandberg går av som statsråd og Frp-nestleder». NRK (norsk bokmål). Henta 13. august 2018.
- ↑ Stig Vågnes (13. august 2018). «– Sa opp jobben i rederiet Sølvtrans». Sunnmørsposten.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Biografi ved Stortinget.no
- Einskildmenn
- Fødde i 1966
- Norske fiskeriministrar
- Statsrådar i Regjeringa Solberg
- Frp-statsrådar
- Stortingsrepresentantar frå FrP
- Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Folk frå Ålesund