Einar Moxnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einar Moxnes
Einar Moxnes.jpg
Fødd11. juni 1921
Alstahaug
Død20. januar 2006 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, agronom
BarnAgnes Moxnes

Einar Hole Moxnes (11. juni 192120. januar 2006) var ein stortingsrepresentant, statsråd og fylkesmann, fødd i Alstahaug i Nordland. Han var fiskeriminister 1968-71 og landbruksminister 1972-73.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Moxnes voks opp på Alstahaug i Nordland og Bjugn i Sør-Trøndelag. Han gjekk landsgymnaset på Steinkjer, der han tok eksamen i 1946. Frå 1951 arbeidde han som heradsagronom i Åfjord til 1974.

Moxnes var ordførar i Åfjord frå 1956 til 1966 og formann i Sør-Trøndelag fylkesting frå 1958 til 1963.

Moxnes møtte for fyrste gong på Stortinget som vararepresentant i 1959. Frå 1965 til 1968 møtte han fast på Tinget som fyrste vararepresentant for Sør-Trøndelag, etter som Per Borten var statsminister. Han var medlem av Sjøfart- og fiskerikomiteen. I 1968 tok Moxnes over som fiskerminister etter dødssjuke Oddmund Myklebust, eit ombod han hadde til Borten-regjeringa gjekk av i mars 1971. Moxnes tok då sete på Stortinget som fast representant og medlem av Justiskomiteen. Frå oktober 1972 til same tid året etter var han landbruksminister i Korvald-regjeringa.

I 1974 vart Moxnes utnemnd til fylkesmann i Sør-Trøndelag og gjorde teneste fram til han gjekk av med pensjon i 1986. Han var leiar av Statens Friluftsråd 1982–83. Elles leia han to statlege fagutval:

  • Lakse- og innlandsfiskelovutvalet (Lov om anadrome laksefisk og innlandsfisk, NOU 1987: 2)
  • Utval som greidde ut om organiseringa og arbeidsvilkåra i fiskeindustrien (Fiskeindustriens organisering og rammevilkår, NOU 1990: 24)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]