Bjarne Mørk-Eidem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarne Mørk-Eidem

Fødd4. oktober 1936
Vega
Død2. oktober 2022 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
BarnAlexander Mørk-Eidem
Alle verv

Bjarne Andreas Mørk-Eidem (4. oktober 19362. oktober 2022) var ein norsk politikar frå Vega i Nordland, som representerte Nordland og ArbeidarpartietStortinget frå 1969 til 1993. Han var fiskeriminister frå 1986 til 1989 i Brundtland II-regjeringa. Frå 1990 til 2005 var han riksrevisor og dermed leiar av Riksrevisjonen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mørk-Eidem gjekk skulevinteren 1952/53 Vefsn folkehøgskule, dei neste to åra var han elev ved Leknes stats-realskule. Han var lærar i Rana 1955-56 og 1958, før han åra 1958-62 gjekk Nesna lærarskule. Deretter underviste han ved den todelte Vika skule i Vega i tre år. Skuleåret 1965/66 studerte han samfunnsfag ved Volda lærarskule og 1966/67 norsk grunnfag ved Noregs lærarhøgskole i Trondheim. Han var så lærar ved Gladstad barne- og ungdomsskule i Vega til han hausten 1969 vart vald inn på Stortinget.

Frå 1963 til 1971 var Mørk-Eidem kommunestyremedlem i Vega. Ved stortingsvalet 1969 fekk Arbeidarpartiet i Nordland seks representantar inn på Stortinget, Mørk-Eidem var femtemann på vallista. Han hamna i Finanskomiteen og vart der verande til 1985, som sekretær i komiteen frå 1973. Etter stortingsvalet hausten 1985 vart han nestleiar i Sjøfarts-og fiskerikomiteen. Då Willoch-regjeringa gjekk av 9. mai 1986 tok Mørk-Eidem over leiinga av Fiskeridepartementet. I heile verketida til den andre Brundtland-regjeringa styrte han departementet. Den 10. oktober 1989 måtte Arbeidarparti-regjeringa vike plass for Syse-regjeringa, og Mørk-Eidem var den komande 1989/90-sesjonen medlem i Landbrukskomiteen. Dei siste tre sesjonane som tingmann hadde han plass i justiskomiteen.

I 1990 vart Mørk-Eidem utpeika til riksrevisor. Han styrte Riksrevisjonen i 15 år, til dess partikollegaen Jørgen Kosmo tok over i 2005.

Han var busett i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]