John Bardeen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Bardeen

John Bardeen
Fødd23. mai 1908
Madison i Wisconsin i USA
Død30. januar 1991 (82 år)
Boston i Massachusetts
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk
Yrkefysikar, oppfinnar, universitetslærar, elektroingeniør
InstitusjonarUniversity of Illinois i Urbana-Champaign
University of Minnesota
Alma materUniversity of Wisconsin–Madison
Princeton University
DoktorgradsrettleiarEugene Wigner
DoktorgradsstudentarNick Holonyak
John Schrieffer
Kjend forTransistor
BCS-teori
EktefelleJane Maxwell
BarnJames M. Bardeen, William A. Bardeen
MedlemRoyal Society
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det ungarske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
American Physical Society

John Bardeen (23. mai 190830. januar 1991) var ein amerikansk fysikar og den einaste som har fått nobelprisen i fysikk to gonger.

Far til Bardeen var professor i anatomi og dekan på ein medisinsk høgskole.

Bardeen vart Bachelor of science i 1928 og Master of science i 1929 i elektroteknikk ved universitetet i Wisconsin (Madison). i 1936 avla han doktorgraden sin i matematisk fysikk ved Princeton-universitetet. Han jobba ved universitetet i Minnesota frå 1938 til 1941. I andre verdskrigen var han fysikar ved den amerikanske marinens laboratorium i Washington D.C..

Som fysikar ved Bell telefonlaboratorium i Murray Hill i New Jersey frå 1945 til 1951 høyrte han til den arbeidsgruppa som 1947 oppdaga transistoreffekten. 1948 offentleggjorde dei den første transistoren, noko som utløyste ein elektronisk revolusjon. For dette arbeidet vart han tildelt nobelprisen i fysikk i 1956 saman med to av kollegaene sine, William B. Shockley og Walter Brattain.

Frå 1951 til 1975 var Bardeen professor for elektroteknikk og fysikk ved Illinois universitet.

1972 mottok han saman med Leon N. Cooper og John R. Schrieffer nok ein gong nobelprisen i fysikk. Dei hadde kome med ein teori som forklarte superleiareigenskapen, den såkalla BCS-teorien, kalla opp etter initialane til oppdagane. Alt i 1930-åra hadde Bardeen forska på fenomenet og han kom i 1950-åra fram til ei teoretisk forklaring. I og med sin andre nobelpris vart han den første vitskapsmannen som fekk nobelprisen to gonger i same kategori, og han er framleis den einaste som har fått prisen to gonger i fysikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]