Hopp til innhald

Nominasjonane til Nordisk råds litteraturpris frå det samiske språkområdet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nominasjonar til Nordisk råds litteraturpris frå det samiske språkområdet blir sidan 1985 gjort av Sámi Girjecálliid Searvi, samisk forfattarforeining.

Rose-Marie Huuva, nominert i 2001
Rawdna Carita Eira, nominert i 2012
Foto: Seppo Samuli/norden.org
Sollaug Sárgon, nominert i 2013

Sidan 1962 har Nordisk råd årleg delt ut Nordisk råds litteraturpris for eit litterært verk skrive på eitt av dei nordiske språka. Frå starten i 1962 vart det årleg nominert to bøker frå kvart av landa Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. Frå 1985 kan det òg nominerast ei bok årleg frå Færøyane, Grønland og det samiske språkområdet når det er aktuelle kandidatar.

Bøkene som vert nominert, vert omsett til eitt av dei skandinaviske språka norsk, svensk eller dansk om dei ikkje er det allereie. Den skandinaviske tittelen står i parentes i lista under.

Nominasjonar

[endre | endre wikiteksten]
1985 Hans Aslak Guttorm for romanen Golgadeamen (Drivgarnfiske)
1986
1987 Rauni Magga Lukkari for diktsamlinga Losses beaivegirji (Mørk dagbok)
1988 Nils-Aslak Valkeapää for diktsamlinga Ruoktu váimmus (Viddene inne i meg)
1989
1990 Nils-Aslak Valkeapää for diktsamlinga Beaivi, áhčážan (Solen, min far)
1991 Nils-Aslak Valkeapää for diktsamlinga Beaivi, áhčážan (Solen, min far) (Årets vinnar)
1992
1993 Synnøve Persen for diktsamlinga Biekkakeahtes bálggis (Vindløs sti)
1994
1995
1996
1997
1998 Risten Sokki for diktsamlinga Bonán bonán soga suonaid (Jeg tvinner tvinner slektas sener)
1999
2000
2001 Rose-Marie Huuva for diktsamlinga Galbma rádná (Kall kamrat)
2002 Kirsti Paltto for novellesamlinga Suoláduvvon (Stjålet)
2003
2004 Inger-Mari Aikio-Arianaick for diktsamlinga Máilmmis dása (Fra verden og hit)
2005
2006 Jovnna-Ánde Vest for romanen Árbbolaččat 3 (Arvingarna : roman : Tredje delen)
2007 Sigbjørn Skåden for diktsamlinga Skuovvadeddjiid gonagas (Skomakernes konge)
2008 Synnøve Persen for diktsamlinga meahci šuvas bohciidit ságat (av skogens sus spirer nytt)
2009
2010
2011 Kerttu Vuolab, for romanen Bárbmoáirras (Paradisets stjerne)
2012 Rawdna Carita Eira for diktsamlinga ruohta muzetbeallji ruohta (løp svartøre løp)
2013 Sollaug Sárgon, for diktsamlinga savvon bálgáid luottastit (gå opp gjengrodd sti)
2014
2015 Niillas Holmberg for diktsamlinga amas amas amasmuvvat (så den fremmede ikke blir mer fremmed)[1]
2016 Sara Margrethe Oskal for diktsamlinga savkkuhan sávrri sániid (utrettelige ord)[2]
2018 Inga Ravna Eira for diktsamlinga Ii dát leat dat eana (Dette er ikke den jorda)
2021 – Inga Ravna Eira for diktsamlinga Gáhttára Iđit (Vokterens Morgen)
2022 Mary Ailonieida Sombán Mari for diktsamlinga Beaivváš mánát – Leve blant reptiler
  1. «De nominerte til Nordisk råds litteraturpris 2015». Nordisk råd. Arkivert frå originalen 15. april 2015. Henta 5. april 2015. 
  2. «De nominerede til Nordisk Råds litteraturpris 2016». Nordisk råd. Arkivert frå originalen 11. juni 2016. Henta 11. september 2016.