Norsk sykkelproduksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reklame for sykkelmerket Nidaros, truleg frå 1950-åra

Norsk sykkelproduksjon tok til då den moderne sykkelen først blei populær, på 1890-talet.

Det engelske firmaet Humber & Co etablerte i 1892 eigen produksjon av syklar i Oslo, men la ned denne i 1900. Lefstad sykkelfabrikk vart etablert i Trondheim 7. april 1892. Interessentskabet Norsk Bicyclefabrik vart stifta i Oslo i 1896. Firmaet gjekk konkurs og vart oppløyst 1907.[1] O.C. Sørensen i Sandefjord, starta i 1896. Firmaet gjekk etter få år over til å produsere andre varer, som barnevogner. I Norske sykkelfabrikanter og grossisters forening (NSGF) si jubileumsforteljing reknar ein med at desse firma sine oppbod skyldast at det ikkje fanst nokon utbygd salsorganisasjon for syklane.

Andre kjelder oppgir at det var Kongsvinger sykkelfabrikk (O. Westby) som bygde den første norske sykkelen «W-97» i 1897.

Jonas Øglænd[endre | endre wikiteksten]

Jonas Øglænd Cyklelager i Sandnes vart i 1892 agent for syklar frå det tyske føretaket Hengstberg. Litt seinare fekk dei òg agentur for The World-syklar frå USA. Desse vart importerte i delar og monterte i Sandnes. I tillegg selde dei eigne syklar under merka Fram og Viking.

Øglænd bygde sin eigen fabrikk i 1906. Dei lanserte merkenamnet DBS (Den Beste Sykkel) i 1932 på Øglænd-syklane, eit merke som i løpet av etterkrigstida vart eit av dei to leiande sykkelmerka i Noreg. I 1949 startar Øglænd med eksport av norske syklar. Øglænd bygde ny fabrikk i 1972, og fusjonerte i 1996 med Cycleurope. Monark-Crescent i Sverige kjøpte sykkelavdelinga til Øglænd, og det heile vart slukt av Cycleurope. Den siste av 10 millionar norskproduserte Øglændsyklar forlet fabrikken i Sandnes i 2000 og fabrikken vart demontert og seld i bitar til mellom anna Brasil.

Øgland produserte òg syklar som vart seld under andre merke og rammer som vart nytta av andre produsentar. Olympic vart t.d. seld av Axel Bruun i Trondheim.[2]

Fram til 1919[endre | endre wikiteksten]

Ved etableringa av Norske sykkelfabrikanter og grossisters forening i 1918 var fylgjande firma med på etableringa:

Desse firma vart medlem året etter:

Ei oppgåve laga av føregangaren til bransjeforeninga syner at det i 1915 blei laga 32.844 syklar i Noreg, og at det året etter blei laga 43.128 syklar.

1920-1943[endre | endre wikiteksten]

Fylgjande sykkelprodusentar blei medlem av foreininga i mellomkrigstida:

Fabrikkar og merke[endre | endre wikiteksten]

Det er hittil registrert 1300 norske sykkelmerke, men det ein reknar med at det finst rundt 2000[treng kjelde]. Det har gjennom meir enn 100 år vore 200-300 fabrikkar, som kvar har produsert mange merke. Ein sykkel består av rundt 1100 enkeltkomponentar. All fabrikasjon av syklar i Noreg har vore delvis basert på import av delar frå utlandet, både rammerør og nav/krank og andre smådelar har ofte vore importerte. Etterkvart som nokre fabrikkar voks seg store byrja dei eigenproduksjon av fleire komponentar, som så òg blei seld til dei mindre fabrikkane. Det har vore eit omfattande samarbeid mellom fabrikkane.

I mellomkrigstida var det merkeproteksjonisme i Noreg{treng kjelde}}: "Norsk fabrikat" går att på sykkelmerka. Som sykkelforhandlar kunne du ikkje selje ein DBS-sykkel utan å vere autorisert av fabrikken, men ein kunne selje akkurat den same sykkelen frå same fabrikk, med eige merke. Når ein forhandlar bestilte eit parti syklar sette fabrikken på merket deira. I perioden ca 1900-1980 fanst det eigne sykkelmerke i mange bygder. I Åfjord i Sør-Trøndelag vart Åfjord-sykkelen seld, medan sykkelverkstaden J.A. BergØrland, ca 50 km lenger sør, selde Yrjar-sykkelen.

Merkevarebygging og marknadsføring var i tidlegare tider lokal, og den lokale konkurransen om å vere best var hard. I våre dagar vil ein fabrikk for ein kvar pris ha sitt eige namn først og størst på alle sine produkt, uansett kvalitet.

På 2000-talet[endre | endre wikiteksten]

Eit hundreår med norsk sykkelproduksjon tok det slutt i 2000, då den siste norskbygde sykkelen forlet DBS-fabrikken i Sandnes. På 2000-talet er ingen av dei tradisjonsrike norske sykkelprodusentane att. Ein reknar med at det i Noreg har vore produsert 20 millionar syklar gjennom meir enn hundre år.

Det finst framleis nokre få små rammeprodusentar og metallarbeidarar rundt om i landet som leverer «skreddarsydde» syklar etter tinging.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jonas Schanche Jonasen, Jonas Øglænd gjennom 100 år, Sandnes, 1968.
  • Per Øglænd, Firmaet Jonas Øglænd gjennom 123 år [1868-1990], Sandnes, 1990.
  • Sigurd J. Øglænd, Jonas B. Øglænd og Philip Pedersen, Jonas Øglænd: 75 år, 18. april, 1868-1943, Sandnes, 1943.
  • Gresvig: 40 år i sport, Oslo, 1943.