Nye Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nye Sverige i 1650

Nye Sverige eller Nya Sverige var ein svensk koloni på 1600-talet i Nord-Amerika i dei noverande amerikanske delstatane Delaware, Pennsylvania og New Jersey. Kolonien eksisterte i 17 år frå 29. mars 1638 til september 1655. Innbyggartalet var 358 i 1654, etter erobringa av Fort Casimir.[1]

Den fyrste koloniseringa i 1638[endre | endre wikiteksten]

Under trettiårskrigen hadde Sverige stadig behov for auka inntekter for å finansiera felttoga på kontinentet. Ein måte å å oppnå dette på var å underleggja seg område der Sverige kunne få privilegium på handel og tollinnkreving. Dette var særleg effektivt i Nord-Tyskland og Baltikum. Eit alternativ som mange europeiske statar prøvde på 1600-talet, var å skaffa seg oversjøiske koloniar. I 1636 blei det danna eit svensk-nederlandsk kompani som skulle etablera svenske koloniar og handelsstasjonar i Nord-Amerika. Det var finansiert halvt av nederlandske kjøpmenn og halvt av høgadelege svenskar med rikskanslar Axel Oxenstierna i spissen. Etableringa var eit paradoks, sidan dei svenske koloniane i Nord-Amerika kom til å liggja i stadig konflikt med nederlendarar.

Kompaniet utrusta to skip, «Calmare Nyckel» og «Fågel Grip», som var bemanna halvt av svenskar og halvt av nederlendarar. Leiaren for ekspedisjonen var nederlendaren Peter Minuit, som var godt kjend i Nord-Amerika, og som i 1624 hadde kjøpt Manhattan frå urfolk for litt tøy, nokre glasperler og ei flaske brennevin.

Etter å ha segla over Atlanterhavet kjøpte ekspedisjonen i 1638 land frå urfolk ved Delaware-elva, og kalla det Nye Sverige eller Nova Suecia. Ekspedisjonen var så svakt bemanna at det var livsnødvendig å samarbeid med urfolka. Det blei bygd eit fort ved bielva Minquas Kill, til den store irritasjonen til dei nederlandske nabokolonistane. Det blei kalla Fort Christina etter den dåverande svenske dronninga.

I løpet av 1638 og 1639 forlét dei to skipa til ekspedisjonen kolonien og lét etter seg 26 menn under leiing av Måns Nilsson Kling for å forsvara Nye Sverige og Fort Christina. Peter Minuit forsvann i ein storm i Karibia.

Ny kontakt med Sverige[endre | endre wikiteksten]

I april 1640 kom Calmare Nyckel tilbake med ein ny kommandant for Nye Sverige, Peter Holländer Ridder. Han førte med seg ein prest, nokre soldatar og fleire kolonistar. Besetninga på Fort Christina hadde late fortet forfalla etter at ho var blitt etterlaten til seg sjølv i 1639, men Ridder fekk reparert og forsterka det, og bygd nye hus og ei kyrkje.

Ridder var ein ekspansiv leiar, og frå urfolka kjøpte han nytt land langs Delawareelva, slik at den svenske kolonien etter kvart blei 200 km lang. Formålet med landkjøpa var å skaffa seg monopol på handelen med urfolka, som kolonien heile tida hadde eit godt forhold til. Forholdet til nederlendarane blei derimot berre dårlegare; rett etter at Ridder kom til Nye Sverige, blei ein svensk småbåt skoten mot med kanon frå eit nederlandsk fort. Det var den same striden om handelsprivilegium som gjekk føre seg i større skala i Europa.

Kolonikompaniet blei etter kvart heilt overteke av svenskane, og det blei skote inn ny kapital. I februar 1643 kom det to skip til frå Sverige, «Fama» og «Svanen», med soldatar og kolonistar som skulle overta etter nederlendarane som inntil då hadde vore med og bemanna fortet. Med på skipa var ein ny guvernør for kolonien, Johan Printz. I tillegg til den eksisterande handelen med urfolk hadde han fått instruks om å setja i gang dyrking av tobakk, vin og silke, og å driva fiske og utvinning av salt. Eitt år seinare kom det endå ein ekspedisjon frå Sverige, men frå våren 1644 til hausten 1646 var det ingen kontakt med heimlandet.

Svensk ekspansjon[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1646 og 1648 kom det to skip til Nye Sverige («Gyllene Hajen» og «Svanen»). Samtidig sette Printz i gang ein ekspansiv politikk i den vesle kolonien. Målet var å overta kontrollen med handelen langs Delaware-elva på kostnad av dei meir talrike nederlendarane.

Han laga til Fort Älvsborg sør i kolonien nær ei engelsk busetjing. Det skulle hindra ein eventuell trussel frå engelskmennene, samtidig som det skulle stengja innløpet til Delawareelven. Nord i kolonien laga han til forta Nya Göteborg, Nya Vasa og Nya Korsholm. Det blei bygd smier, ei kyrkje og eit ølbryggjeri, og nytt land blei dyrka opp.

Det hadde no utvikla seg ein regulær maktkamp mellom svenskane og nederlendarane, situasjonen stod og vippa. I 1649 sende Sverige ut skipet «Kattan», som var godt utstyrt med både kolonistar, soldatar og våpen. Hadde det nådd fram, ville stillinga sannsynlegvis ha utvikla seg i svensk favør. Dessverre for svenskane grunnstøytte skipet på vegen og blei plyndra av spanjolar. I staden var det nederlendarane som tok initiativet, og i 1651 laga dei til det sterke fortet Fort Casimir nedanfor Fort Christina. Dermed var svenskane i realiteten stengt inne ved Delaware-elva.

Kolonien går til grunne[endre | endre wikiteksten]

Fort Casimir hindra svenskane i å driva den livsnødvendige handelen med indianarane, og i 1652 slo også avlingane feil på grunn av mykje regn. Det gjekk utforbakke med kolonien. Spenninga mellom den harde guvernøren Printz og kolonistane auka, og i august 1653 blei ein av dei leiande kolonistane, Anders Jönsson, avretta etter skulding om forræderi. Situasjonen blei så tilspissa at Printz i oktober drog tilbake til Sverige med familien sin. Svogeren hans Johan Papegoja blei ny guvernør.

I mai 1654 skjedde det noko som må ha fortona seg som eit mirakel for dei svenske kolonistane: Det store orlogsskipet «Örnen» segla inn i Delaware-elva, og ein del av mannskapet inntok Fort Casimir den 21. mai omtrent utan motstand. Fortet endra namn til Trefaldigheten, sidan det blei overteke på Trefoldighetssøndagen. Plutseleg var svenskane herrar langs Delaware, og fleire av dei nederlandske kolonistane måtte sverja lydnad til den svenske krona.

Ombord på «Örnen» var også Johan Risingh, som blei den siste guvernøren av Nye Sverige. Han kjøpte nytt land frå urfolka heilt ned til Chesapeakebukta, og fekk skikk på kolonien igjen. Utanfor forskansinga i Fort Christina laga han til ein ny by, Christinehamn.

Dette var meir enn dei langt talrikare nederlendarane i den nye verda kunne godta, og det blei sendt styrkar mot Nye Sverige både over land og sjø. Fortet Trefaldigheten gav seg utan kamp den 2. september 1655, og 15. september gav Fort Christina seg. Dermed var svensk herredømme i det noverande USA over for alltid, sjølv om mange av dei svenske kolonistane blei verande i området.

Ein stor del av kolonistane var finnar frå det dåverande austre Sverige. Dei svenske og finske nybyggjarane var dei første europearane som bygde hus av lafteverk i Nord-Amerika.

Totalt 600 personar kom til kolonien frå Sverige.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chronology of Colonial Swedes on the Delaware 1638-1713». Arkivert frå originalen 12. juni 2016. Henta 8. juni 2016. 
  2. «A Brief History of New Sweden in America». Arkivert frå originalen 5. april 2016. Henta 8. juni 2016. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]