Nykyrkja i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°23′49.448″N 5°18′48.132″E

Nykyrkja
kyrkje
Bergen nykirken.jpg
Foto: Morten Dreier
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Bergen domprosti
Sokn Bergen domkirke
Fellesråd Bergen
Type Krosskyrkje
Arkitekt Johan Joachim Reichborn
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 23. november 1763
 - Endringar M.a. 1955
Kyrkjegard Nei
Preikestol Preikestolaltar
Altartavle Bilete av nattverda
Orgel Jørgensen (1958)
Sitjeplassar 750
Wikimedia Commons: Nykirken

Nykyrkja er ei krosskyrkje frå 1763 i Bergen kommune i Hordaland fylke. Dette er den yngste av dei gamle soknekyrkjene i Bergen.

Kyrkja vart opphaveleg reist i 1621 på restane av erkebispegarden frå mellomalderen.[1] Kyrkja brann allereie i 1623 og dessutan i 1660. I 1756 brann det på Nordnes og Strandsiden, og kyrkja vart øydelagd. Den noverande kyrkja vart teikna av Johan Joachim Reichborn og oppført i 1758–63 med vigsling 23. november 1763.

Sidan har kyrkja brunne i 1800 og 1944, men er satt i stand. Den noverande tårnhjelmen fekk kyrkja i 1955.

Det var kyrkjegard ved kyrkja fram til 1863. Området rundt kyrkja har i dag parkpreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bergen byleksikon om erkebispegarden