Olav Sande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Sande
Olav Øysteinson Sande.jpg
Fødd 28.juni 1850
Kyrkjebø i Høyanger
Død

23.august 1927

Yrke Skulemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar, komponist og forfattar
Tema Samla folketonar og folkeminne
Sjanger Forteljingar, lærebok i bibelkunnspap
Debut Fraa Sogn : segner og annat. I, 1887

Olav Øysteinson Sande (28. juni 185023. august 1927) var ein skulemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar og komponist frå Kyrkjebø, i dag Høyanger i Sogn.

Sande tok lærareksamen i 1871 og var lærar i Leikanger i Sogn frå 1873. I åra framover var han ein leiande i det frilynde ungdomarbeidet i Sogn. Han tok til å samle folkeminne og gav ut to samlingar med segner frå Sogn, 1887 og 1892. I 1895 gav han ut Bibelsoga fyr folkeskulen. Han skreiv også dikt og forteljingar.

Fram om alt var Sande ein folketonesamlar, som fekk statsstipend frå 1899. Mellom 1904 og 1911 kom firebandsverket Norske tonar. Elles let han etter seg 2 500 nummer som no er å finne på Universitetsbiblioteket i Oslo. Sande tonesette fleire nynorske dikt, mest kjende er Det stig av hav eit alveland og Aa eg veit meg eit land.

Sande døydde i Bergen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Tekstar om Olav Øysteinson Sande[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Det norske kongehuset

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]