Olia Tira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olia Tira
Olia Tira.jpg
Fødd1. august 1988
FødestadPotsdam i Aust-Tyskland (no Tyskland)
FødenamnOlia Tira
OpphavMoldova
Aktiv2002–i dag
SjangerPop og soul
Tilknytte artistarSunStroke Project
Verka somSongar

Olia Tira (fødd 1. august 1988 i Potsdam) er ein moldovsk songar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tira vart fødd 1. august 1988 i ein sovjetisk militærfamilie i Potsdam i dåverande Aust-Tyskland. Ho budde der i nokon år, før ho flytta til Chişinău i Moldova. Allerei då ho var 14 år var ho med på festivalar og konsertar.

O melodie pentru Europa[endre | endre wikiteksten]

2007[endre | endre wikiteksten]

Moldova arrangert ikkje nokon nasjonal uttaking til Eurovision Song Contest 2007, men Olia Tira fekk 70 poeng og enda på tredjeplass i den interne uttakinga med songen «Your Place or Mine».

2009[endre | endre wikiteksten]

I 2009 deltok ho i O melodie pentru Europa 2009 med songen «Unicul meu». Ho fekk 24 poeng og enda på fjerdeplass.

2010[endre | endre wikiteksten]

Saman med SunStroke Project og songen «Run Away» deltok ho i den fyrste semifinalen i O melodie pentru Europa 2010. Dei gjekk vidare til finalen og vann med 24 poeng. Dimed fekk dei representere Moldova i Eurovision Song Contest 2010.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

2010[endre | endre wikiteksten]

Dei starta som nummer éin i den fyrste semifinalen, før Russland med «Lost and Forgotten» av Peter Nalitch and Friends.

Bidraget fekk ti poeng frå Kviterussland, åtte poeng frå Portugal, sju poeng frå Malta og Makedonia, fem poeng frå Russland og Spania, fire poeng frå Hellas, tre poeng frå Frankrike, to poeng frå Belgia og eitt poeng frå Serbia. Moldova fekk til saman 52 poeng og enda på tiandeplass av totalt 17 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 54 poeng og enda på tiandeplass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 42 poeng og enda på 13. plass.

Dei starta som nummer fire i finalen, etter Noreg med «My Heart Is Yours» av Didrik Solli-Tangen og før Kypros med «Life Looks Better in Spring» av Jon Lilygreen og The Islanders.

Bidraget fekk ti poeng frå Romania, seks poeng frå Aserbajdsjan og Portugal, fire poeng frå Kviterussland og eitt poeng frå Georgia. Moldova fekk til saman 27 poeng og enda på 22. plass av totalt 25 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 28 poeng og enda på 18. plass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 33 poeng og enda på 23. plass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]