Melodi Grand Prix 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Melodi Grand Prix 2010
Didrik Solli-Tangen during Melodi Grand Prix 2010 (2).jpg
Dato
Delfinale 1 8. januar 2010
Delfinale 2 16. januar 2010
Delfinale 3 23. januar 2010
Sistesjansen 30. januar 2010
Finale 6. februar 2010
Vertskap
Delfinale 1 Ørland
Delfinale 2 Bodø
Delfinale 3 Skien
Sistesjansen Sarpsborg
Finale Oslo Spektrum
Programleiarar Per Sundnes og Marte Stokstad
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 21 (8 i finalen)
Vinnar
Song «My Heart Is Yours»
Artist Didrik Solli-Tangen
Resultat i Eurovision Song Contest 2010
Finalepoeng 35
Finaleplass 20.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2009 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2011

Melodi Grand Prix 2010 var den 48. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 21 songar deltok i tre delfinalar og Siste sjanse. Av desse kom åtte til finalen 6. februar 2010 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnaren blei «My Heart Is Yours», framført av Didrik Solli-Tangen og skriven av Hanne Sørvaag og Fredrik Kempe. Solli-Tangen representerte Noreg på heimebane i Eurovision Song Contest 2010 i Bærum, der han kom på 20. plass med 35 poeng.

Sendingane[endre | endre wikiteksten]

Etter Alexander Rybaks siger i Eurovision Song Contest 2009 var interessa rundt Melodi Grand Prix langt høgare enn vanleg. NRK fekk inn rundt tusen bidrag i den opne konkurransen – rundt tre gonger så mange som året før. Dette var per då også det høgaste talet på bidrag som hadde komen inn til tevlinga. Juryen med Per Sundnes i spissen, plukka ut 21 av låtane til å delta i Melodi Grand Prix 2010.[1]

Som åra før bestod tevlinga av tre delfinalar, Siste sjanse og finalen i Oslo Spektrum. Dei tre delfinalane blei arrangert i Ørland fredag 8. januar, Bodø laurdag 16. januar og Skien laurdag 23. januar. Sju melodiar ble presenterte i kvar delfinale, og dei to med flest telefon- og SMS-røyster kvalifiserte seg direkte til finalen, medan tredje- og fjerdeplassane gjekk vidare til Siste sjanse i Sarpsborg laurdag 30. januar. I tillegg gjekk dei to femteplassane med høgast røyster i prosent vidare til Siste sjanse.[2] Dei åtte bidraga i Siste sjanse kjempa parvis mot kvarandre i ei utslagscup, og dei to som blei ståande att, gjekk til finalen i Oslo Spektrum laurdag 6. februar. Programleiarar for alle sendingane var Per Sundnes og Marte Stokstad.

Også på artistsida var det stor interesse dette året, og hausten 2009 gjekk spekulasjonane høgt i media om kven som skulle delta.[3] Då NRK offentleggjorde deltakarane i desember, var det også mange kjende namn i startfeltet. Popbandet A1, Venke Knutson, Maria Arredondo, Maria Haukaas Storeng, Heine Totland og Gaute Ormåsen var nokre av dei kjende artistane som deltok. Keep of Kalessin skreiv også Melodi Grand Prix-historie ved å bli det aller første metallbandet som deltok i tevlinga. Den doble Eurovision-vinnaren Rolf Løvland var dessutan attende som låtskrivar.

Åtte av dei 21 låtane enda opp i finalen, og startrekkjefølgja blei trekt direkte på NRK2 fire dagar før finalen. Sjåarane røysta i to omgangar, først røysta dei fire låtar vidare til gullfinalen, før sjåarane røysta om att blant dei fire gullfinalistane. I tillegg til sjåarane sine telefon- og SMS-røyster, var det fire fagjuryar. Den store vinnaren blei Didrik Solli-Tangen og «My Heart Is Yours». Han fekk dermed representere Noreg på heimebane i Eurovision Song Contest.

Resultat i finalen[endre | endre wikiteksten]

Oslo Spektrum, Oslo, laurdag 6. februar 2010

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Don't Wanna Lose You Again» A1 Ben Adams, Mark Read, Christian Ingebrigtsen og David Eriksen Gullfinale
2 «Make My Day» Maria Haukaas Storeng Merethe La Verdi og Mats Lie Skåre Merethe La Verdi Uplassert
3 «Jealous Cause I Love You» Venke Knutson Alexander Kronlund, Laila Samuelsen og Lukas Hilbert Kronlund og Samuelsen Uplassert
4 «Yes Man» Bjørn Johan Muri Simone Larsen, Simen Eriksrud og Bjørn Johan Muri Gullfinale
5 «The Touch» Maria Arredondo Rolf Løvland Uplassert
6 «Give It to Me» Alexander Stenerud Alexander Stenerud Uplassert
7 «My Heart Is Yours» Didrik Solli-Tangen Hanne Sørvaag og Fredrik Kempe Gullfinale
8 «The Dragontower» Keep of Kalessin Arnt Obsidian Grønbech Keep of Kalessin Gullfinale

Gullfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
1 «Don't Wanna Lose You Again» A1 Ben Adams, Mark Read, Christian Ingebrigtsen og David Eriksen 278 882 2
4 «Yes Man» Bjørn Johan Muri Simone Larsen, Simen Eriksrud og Bjørn Johan Muri 169 174 4
7 «My Heart Is Yours» Didrik Solli-Tangen Hanne Sørvaag og Fredrik Kempe 466 675 1
8 «The Dragontower» Keep of Kalessin Arnt Obsidian Grønbech Keep of Kalessin 241 164 3

Røysting i finalen[endre | endre wikiteksten]

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av ei blanding av fagjuryar og sjåarane sine telefonrøyster. Dei tre delfinalestadene og Siste sjanse-byen hadde kvar sin fagjury som gav 2 000, 4 000, 6 000 og 8 000 poeng til dei fire gullfinalistane. Etter fagjuryane blei telefon- og SMS-røystene presenterte. Dei blei delte inn i fem ulike geografiske regionar ut frå kor i landet røystene ble gitt. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster.[4]

Nr. Tittel Ørland Bodø Skien Sarpsborg Nord-Noreg Vest-Noreg Midt-Noreg Sør-Noreg Austlandet Totalt
1 «Don't Wanna Lose You Again» 2 000 2 000 6 000 4 000 6 949 20 576 45 937 57 059 134 361 278 882
4 «Yes Man» 6 000 4 000 4 000 2 000 3 139 10 871 32 488 30 840 75 836 169 174
7 «My Heart Is Yours» 4 000 8 000 8 000 6 000 10 027 31 576 67 056 113 998 218 027 466 675
8 «The Dragontower» 8 000 6 000 2 000 8 000 4 855 15 492 41 257 46 457 109 103 241 164

Delfinalene[endre | endre wikiteksten]

Delfinale 1[endre | endre wikiteksten]

Hangar E, Ørland hovudflystasjon, Ørland, fredag 8. januar 2010

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Synk eller svøm» Gaute Ormåsen Gaute Ormåsen, Laila Samuelsen, Kim Edward Bergseth Siste sjanse
2 «Prima Donna» Lene Alexandra Øien Lene Alexandra Øien og Jarl Aanestad Øien, Aanestad og Simon Walker Ute
3 «Rewind Love» Johnny Hide Julian Berntzen Siste sjanse*
4 «Yes Man» Bjørn Johan Muri Simone Larsen, Simen Eriksrud og Bjørn Johan Muri Siste sjanse
5 «Rocketfuel» Elisabeth Carew Elisabeth Carew og Thomas Eriksen Ute
6 «Make My Day» Maria Haukaas Storeng Merethe La Verdi og Mats Lie Skåre Merethe La Verdi Finale
7 «The Dragontower» Keep of Kalessin Arnt Obsidian Grønbech Keep of Kalessin Finale

* «Rewind Love» kom på 5. plass, men fekk ei ny moglegheit i Siste sjanse. Årsaka var at han var blant dei to femteplassane med flest røyster.

Delfinale 2[endre | endre wikiteksten]

Bodø Spektrum, Bodø, laurdag 16. januar 2010

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Jealous Cause I Love You» Venke Knutson Alexander Kronlund, Laila Samuelsen og Lukas Hilbert Kronlund og Samuelsen Siste sjanse
2 «Life Is Here Today» Skanksters Arne Hovda Siste sjanse*
3 «Be Good To Me» Tomine Harket Tommy La Verdi og Peter Ställmark Ute
4 «Don't Stop» Hanne Haugsand Mariann Thomassen og Lars-Erik Westby Mariann Thomassen Ute
5 «The Touch» Maria Arredondo Rolf Løvland Finale
6 «The Best Of Me Is You» Heine Totland Heine Totland, Hans Petter Aaserud og Arne Hovda Siste sjanse
7 «Give It to Me» Alexander Stenerud Alexander Stenerud Finale

* «Life Is Here Today» kom på 5. plass, men fekk ei ny moglegheit i Siste sjanse. Årsaka var at han var blant dei to femteplassane med flest røyster.

Delfinale 3[endre | endre wikiteksten]

Skien fritidspark, Skien, laurdag 23. januar 2010

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «I'll Take You High» Mira Craig Mira Craig Siste sjanse
2 «Barracks on the Hill» Fred Endresen Fred Endresen Olaf Øwre Ute
3 «Million Dollar Baby» Belinda Braza Robin Nordahl, Frode Anderssen og Gerard James Borg Ute
4 «My Heart Is Yours» Didrik Solli-Tangen Hanne Sørvaag og Fredrik Kempe Finale
5 «European Girl» The Diamond Håkon Njøten, Matias Tellez og Axel Vindenes Ute
6 «Tokyo Night» Karoline Garfjell Aggie Peterson Siste sjanse
7 «Don't Wanna Lose You Again» A1 Ben Adams, Mark Read, Christian Ingebrigtsen og David Eriksen Finale

Siste sjanse[endre | endre wikiteksten]

Sarpsborghallen, Sarpsborg, laurdag 30. januar 2010

Deltakarane var 3. og 4. plassane frå de tre delfinalane. De to siste plassane gjkk til dei to femteplassane som hadde fått prosentmessig flest telefonrøyster.

Nr. Tittel Artist Komponist og tekstforfattar Status
1 «Life Is Here Today» Skanksters Arne Hovda Ute
2 «Yes Man» Bjørn Johan Muri Simone Larsen, Simen Eriksrud og Bjørn Johan Muri Finale
3 «Synk eller svøm» Gaute Ormåsen Gaute Ormåsen, Laila Samuelsen, Kim Edward Bergseth Ute
4 «The Best Of Me Is You» Heine Totland Heine Totland, Hans Petter Aaserud og Arne Hovda Ute
5 «Rewind Love» Johnny Hide Julian Berntzen Ute
6 «I'll Take You High» Mira Craig Mira Craig Ute
7 «Tokyo Night» Karoline Garfjell Aggie Peterson Ute
8 «Jealous Cause I Love You» Venke Knutson Alexander Kronlund, Laila Samuelsen og Lukas Hilbert Kronlund og Samuelsen Finale

Resultatet av Siste sjanse:[endre | endre wikiteksten]

Runde 1 Runde 2 Til finalen
                   
         
  Skanksters – «Life Is Here Today» Ute
 
  Bjørn Johan Muri – «Yes Man» Vidare  
  Bjørn Johan Muri – «Yes Man» Vinnar
 
    Gaute Ormåsen – «Synk eller svøm» Ute  
  Gaute Ormåsen – «Synk eller svøm» Vidare
 
  Heine Totland – «The Best Of Me Is You» Ute  
  Bjørn Johan Muri – «Yes Man»
 
    Venke Knutson – «Jealous Cause I Love You»
  Johnny Hide – «Rewind Love» Ute
 
  Mira Craig – «I'll Take You High» Vidare  
  Mira Craig – «I'll Take You High» Ute
 
    Venke Knutson – «Jealous Cause I Love You» Vinnar  
  Karoline Garfjell Rundberg – «Tokyo Night» Ute
  Venke Knutson – «Jealous Cause I Love You» Vidare  

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Bjørn Johan Muri fekk den største hiten med «Yes Man».

Den suverene vinnaren i finalen blei Didrik Solli-Tangen og «My Heart Is Yours», men det var Bjørn Johan Muris «Yes Man» som blei tevlingas største hit. «Yes Man» låg på VG-lista i 17 veker, og seks veker som nummer 1. Saman med Wenche Myhres «La meg være ung» frå 1964, er dette den største listesuksessen til ein ikkje-vinnar i Melodi Grand Prix gjennom tidene. «My Heart Is Yours» låg sju veker på lista, med ein andreplass som beste notering.[5][6][7][8]

«Heart» blei «hard»[endre | endre wikiteksten]

Etter finalen blei Didrik Solli-Tangen si engelskuttale ein stor snakkis. Songaren uttalte t-en i «heart» som ein d, altså «my hard is yours». I amerikansk-engelsk kan rett nok t-en høyrast ut som ein d i laupande uttale, men uttalen gav uansett songtittelen ei heilt ny meining, noko også pressa og Twitter-kommentatorar visste å ha moro med. Solli-Tangen sjølv tok kritikken med godt humør og lova å ta eit uttalekurs, og i den internasjonale finalen song han med ein distinkt t-lyd i «heart». T-skjorteselskapet Probat trykte også opp eigne t-skjorter med teksten «My hard is yours», som Didrik Solli-Tangen brukte fram mot den internasjonale finalen.[9][10][11][12][13]

Rekordstor interesse[endre | endre wikiteksten]

Interessa rundt årets tevling var rekordhøg, dette fordi Noreg var vert for Eurovision Song Contest 2010. Før finalen omtala pressa Melodi Grand Prix heile 3 317 gonger, noko som var ny rekord.[14] Billettsalet til delfinalane og finalen var òg historisk høgt, og rett før jul var det selt fem gonger så mange billettar som året før.[15][16] Dette året var det også 50 år sidan den første norske finalen blei arrangert, og NRK spelte på den høge interessa ved å følgje oppladinga og sendingane tett både på radio og nett. NRK P1 sende meir enn ti timar med vorspielsendingar under tevlinga, og VGTV hadde også eigne sendingar før og under kvar delfinale og finale.[17][18] Ørland skreiv også historie som den minste staden som har arrangert ein delfinale. For første gong deltok også Forsvaret i arrangementet, sidan delfinalen blei arrangert i ein av hangarane ved Ørland hovudflystasjon. Hangaren er bygd for å huse NATOs AWACS-overvakingsfly.[19]

Den stjernespekka deltakarlista fekk positiv merksemd i pressa, og til og med den legendarisk sarkastiske Eurovision-kommentatoren Jostein Pedersen var strålande positiv: «Det er så mange artige kombinasjoner her. Dette lover veldig godt. Uten å ha hørt en tone, er jeg er imponert over bredden.» sa den ellers så kritiske kommentatoren til VG Nett. Han var derimot ikkje like positiv til programleiar Per Sundnes og kåra han til «Noregs dårlegaste programleiar». Kommentaren gjorde at NRK Nordland valde å avslutte sommarjobb-kontrakten dei hadde med Pedersen.[20][21][22]

Sjåarsuksess[endre | endre wikiteksten]

Finalen blei sett av 1 369 000 sjåarar. Sjølv om dette var ned frå 1 519 000 året før, er dette likevel eit av dei høgaste sjåartala for ein norsk finale etter 1993.[23][24] Også delfinalane hadde høge sjåartal. Ørland, Bodø og Skien samla høvesvis 985 000, 1 154 000 og 958 000 sjåarar. Delfinalen frå Bodø er framleis den mest sette delfinalen i Melodi Grand Prix nokon gong.[25] Siste sjanse hadde 960 000 sjåarar i første del, og 1 056 000 sjåarar i andre del.[26]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Riise, Hege Bakken (8. september 2009). «Dette er Rybak-effekten!»nrk.no.
  2. «Hva betyr spørsmålstegnet?»NRK. 20. januar 2010. Besøkt 24. januar 2010.
  3. Øygaren, Hege (4. november 2009). «Grand Prix-spekulasjonene florerer»nrk.no.
  4. «Melodi Grand Prix 2010 – norsk finale (2:2)». Norsk rikskringkasting. 6. februar 2010. Besøkt 10. august 2016.
  5. «VG-lista for 'Yes Man'». Verdens Gang. Besøkt 23. august 2016.
  6. Dahl og Husby, Ingvill Dybfest og Marcus (17. februar 2010). «– Bjørn Johan er moralsk GP-vinner»VG Nett.
  7. Østbø, Stein (13. mars 2015). «MGP-kommentar: Når toerne vinner»VG Nett.
  8. «VG-lista for 'My Heart Is Yours'». Verdens Gang. Besøkt 23. august 2016.
  9. Byrkjedal, Mona (24. februar 2010). «Didrik hos P4: – Hold kjeften på deg!»VG Nett.
  10. Byrkjedal, Mona (8. februar 2010). «Twitterstorm om «My Heart Is Yours»»VG Nett.
  11. Byrkjedal, Mona (17. februar 2010). «Endelig sitter Didriks uttale!»VG Nett.
  12. Lundervold, Linn Kongsli (8. februar 2010). «– Ja, jeg vil ta engelskkurs»Dagbladet.no.
  13. Skogrand, Merete (10. mai 2010). «Didriks «hard» kan bli din»Dagbladet.no.
  14. Ighanian og Talseth, Catherine Gonsholt og Thomas (27. februar 2016). «Jostein Pedersen: NRK må slutte å være flaue over MGP»VG Nett.
  15. Sæby, Inger-Marit Knap (31. desember 2009). «Rekordsalg av MGP-billetter»nrk.no.
  16. Hatlen, Trine Saugestad (23. desember 2009). «Historisk billettsalg»VG Nett.
  17. Snekvik, Line (18. januar 2010). «Grand Prix-vorspiel»nrk.no.
  18. Haugen og Stenberg, Ida Anna og Ola (8. januar 2010). «Slik blir VGTVs MGP-direktesending»VG Nett.
  19. Henriksen, Arve (20. oktober 2009). «Forsvaret blir MGP-arrangør»Aftenposten.no.
  20. Ighanian, Catherine Gonsholt (27. november 2009). «GP-Jostein om låtlista: – Du store all verden!»VG Nett.
  21. Dobbing, Eva Kynningsrud (27. november 2009). «Store kjendiser i MGP»tv2.no.
  22. Matre og Andersen, Jostein og Ingunn (20. januar 2010). «MGP-Jostein får jobbavslag etter Sundnes-kritikk: – Det er trist»VG Nett.
  23. Aune, Oddvin (16. mars 2015). «1 250 000 så MGP-finalen»nrk.no.
  24. «MGP går rett hjem». Kampanje. 1. februar 2010.
  25. Alvsen og Sæby, Ida Løvdahl og Inger-Marit Knap (18. januar 2010). «Over en million så MGP-festen»nrk.no.
  26. Løkkebø, Lars (25. januar 2010). «958 000 så MGP»Telemarksavisa.