Oransjepanneparakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oransjepanneparakitt
Oransjepanneparakitt
Oransjepanneparakitt
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Oransjepanneparakitt
Utbreiinga av Oransjepanneparakitt
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Eupsittula
Art: Oransjepanneparakitt E. canicularis
Vitskapleg namn
Eupsittula canicularis

Oransjepanneparakitt (Eupsittula canicularis) er ein liten neotropisk papegøye. Denne papegøyen høyrer heime i tropisk lågland, med varierte habitat på savannar, i lauvskog og kratt i Mellom-Amerika frå Mexico til Costa Rica.

Taxonomi[endre | endre wikiteksten]

Oransjepanneparakitten vart formelt skildra i 1758 av Carl von Linné i den tiande utgåva av Systema Naturae. Linné plasserte arten i slekta Psittacus saman med alle andre papegøyar, og oppretta det binomiale namnet Psittacus canicularis.[1] Typelokaliteten er nordvest i Costa Rica.[2] I dag er oransjepanneparakitt ein av fem artar plasserte i slekta Eupsittula som vart introdusert i 1853 av den franske naturforskaren Charles Lucien Bonaparte.[3][4] Slektsnamnet kombinerer det antikke greske eu som betyr «god» med det moderne latinske psittula som betyr «liten papegøye». Det spesifikke epitetet canicularis er latinsk og betyr «av den lysande stjerna Sirius».[5]

Oransjepanneparakitten har tre anerkjende underartar:[4]

  • E. c. clarae, vestre Mexico frå Sinaloa og Durango sørover til Michoacán
  • E. c. eburnirostrum, sørvestre Mexico frå Michoacán til Oaxaca
  • E. c. canicularis, stillehavskysten frå Chiapas i sørlege Mexico gjennom Guatemala, Honduras, El Salvador, og Nicaragua sør til nordvestre Costa Rica

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Oransjepanneparakitt i Costa Rica

Oransjepanneparakitten er 23 til 25 cm lang og veg 68 til 80 gram. Kjønna er like. Vaksne av nominatunderarten E. c. canicularis har ei oransje-fersken panne, ei matt blå midtkrone og ei matt grøn bakkrone, nakke og overside. Ein ring av berr gul hud omgjev auget. Halsen og brystet er bleik olivenbrun og resten av undersida gulgrøn. Vengene deira er grøne med blåaktige svingfjører. Oversida av halen er grøn, og undersida er gulaktig. Umodne individ er som vaksne, men med mykje mindre oransje i panna. Underart E. c. clarae har eit veldig smalt oransje panneband, ein grønare hals og bryst enn nominatforma, og ein svart flekk på underkjeven. E. c. eburnirostrum har også eit smalt panneband og er grønare under enn nominatforma; han har ein brun flekk på underkjeven.[6]

Oransjepanneparakitten lever i ei rekkje landskap, dei fleste av dei er halvopne eller opne. Desse inkluderer utkantar av skog, lauvskog, sumpskog ved stillehavskysten, savannar og i tornekratt. Det finst også i beitemarker med spreidde tre og plantasjar av palmar og frukttre som mango og bananar. Dette er først og fremst ein låglandsfugl, men utbreiinga strekkjer seg så høgt som 1500 moh.[6][7]

Desse fuglane dannar nomadiske flokkar utanfor hekkesesongen og på den tida streifar dei til høgaste høgdene av utbreiingsområdet.[6] Flokkane kan samle særs mange individ for nattleg kvile, men ved daggry bryt dei opp i småflokkar på typisk opptil 6 fuglar.[8]

Føda er frukt slik som Ficus, blomstrar, av til dømes Gliricidia, og frø. Dei store nomadiske flokkane «kan valde alvorleg skade på ung mais og modne bananar».[6]

Oransjepanneparakitten hekkar mellom januar og mai i Mexico og El Salvador og desember til mars i Costa Rica. Han grev vanlegvis ut eit holrom i ei termittue i eit tre, men bruker nokre gonger ein naturleg sprekk eller eit holrom grave av ein hakkespett. Kullet er på tre til fem egg; hoa rugar åleine. Rugetida er ca. 30 dagar og ungane flyg ut ca. seks veker etter klekking.[6]

Status[endre | endre wikiteksten]

Storleiken på populasjonen er estimert til mellom 0,5 og 5 millionar modne individ og er minkande. Arten er truga av jakt for burfuglhandel. Verdas naturvernunion, IUCN, har klassifisert arten som sårbar, VU.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Linnaeus, Carl (1758). Systema Naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis (på latin) 1 (10th utg.). Holmiae (Stockholm): Laurentii Salvii. s. 98. 
  2. Peters, James Lee, red. (1937). Check-List of Birds of the World 3. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press. s. 189. 
  3. Bonaparte, Charles Lucien (1853). «Notes sur les collections rapportées en 1853, par M. A. Delattre». Comptes Rendus Hebdomadaires des Séances de l'Académie des Sciences (på French) 37: 806–810 [807]. 
  4. 4,0 4,1 Gill, F.; Donsker, D.; Rasmussen, P., red. (January 2023). «Parrots, cockatoos». IOC World Bird List. v 13.1. Henta 18 February 2023. 
  5. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 153, 88. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Collar, N., P. F. D. Boesman, og G. M. Kirwan (2020). Orange-fronted Parakeet (Eupsittula canicularis), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.orfpar.01
  7. Garrigues, Richard; Dean, Robert (2007). The Birds of Costa Rica. Ithaca: Zona Tropical/Comstock/Cornell University Press. s. 94. ISBN 978-0-8014-7373-9. 
  8. Thomsen, Heidi M and Balsby, Thorsten JS and Dabelsteen, Torben (2021). «Follow the leader? Orange-fronted conures eavesdrop on conspecific vocal performance and utilise it in social decisions». Plos one (Public Library of Science San Francisco, CA USA) 16: e0252374. doi:10.1371/journal.pone.0252374. }
  9. BirdLife International (2024) Species factsheet: Eupsittula canicularis. Henta 7. januar 2024

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Oransjepanneparakitt