Oscar Mørch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oscar Mørch
Fødd 24. juni 1845
Kristiansand
Død

4. september 1897
Christiania

Yrke politikar

Oscar Mørch (24. juni 18454. september 1897) var ein norsk embetsmann og stortingsmann for Høgre. Ole Mørch var farfaren hans.

Mørch var frå Kristiansand, der far hans var prokurator. Sjølv vart han student i 1862 og cand. jur. i 1867. Han var så byråsjef i Kyrkjedepartementet, ekspedisjonssjef frå 1886 i same. År 1890 vart han utnemnd til amtmann i Hedemarkens amt, eit embete han hadde til han døydde.

Perioden 1895-97 var Mørch stortingsrepresentant for valkrinsen Lillehammer, Hamar og Gjøvik. Han var medlem av Lagtinget og jarnbanekomiteen. Grunna sjukdom møtte han ikkje i 1897-sesjonen.

Han døydde hausten 1897 i Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]