Ole Mørch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Mørch
Ole Clausen Mørch.jpg
Fødd 2. august 1774
Kristiansand
Død

4. juli 1829

Yrke politikar
Ole Mørch på Commons

Ole Clausen Mørch (2. august 17744. juli 1829) var ein norsk kjøpmann og eidsvollsmann frå Kristiansand.

Mørch var fødd i Kristiansand, som son av ein kjøpmann. Han vart sjølv kjøpmann og dreiv trelasthandel. 1825-28 var han «direktør» i Kristiansands sparebank.

I 1814 var Mørch utsending frå Kristiansand til riksforsamlingaEidsvoll. Der røysta han med unionspartiet. Han var medlem av finanskomiteen. 17. mai 1814 var han med i deputasjonen som møtte den nyvalde kongen, Kristian Fredrik.

Mørch døydde i heimbyen i 1829.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]