Outlaws av Outlaws

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Outlaws
Studioalbum av Outlaws
Utgjeve Juli 1975
Innspelt Mars 1975
Studio Elektra Sound Recorders i Los Angeles
Sjanger Southern rock, countryrock
Lengd 41:15
Selskap Arista
Produsent Paul A. Rothchild
Outlaws-kronologi
Outlaws Lady in Waiting
(1976)


Singlar frå Outlaws
  1. «There Goes Another Love Song»
    Utgjeve: 1975
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideC–[2]

Outlaws er debutalbumet til den amerikanske southern rock-gruppa Outlaws, gjeve ut i 1975. Albumet inneheld rockeklassikaren «Green Grass & High Tides», som av mange vert rekna blant dei største gitarsongane, i tillegg til hitsingelen «There Goes Another Love Song».[1]

Musikken deira på albumet var inspirert av southern rock-gruppene The Allman Brothers og Lynyrd Skynyrd, i tillegg til folkrock- og countryrockband som The Byrds, Poco, Eagles og New Riders of the Purple Sage. Dei utvikla ut frå dette ein unik, sterkt drivande countryrockstil, med den kjappe, countryaktige gitarspelinga til Hughie Thomasson, i lag med harmonivokal i tre og fire delar. Dei nytta òg element av bluegrass.

Bandet hadde tre forskjellige frontmenn: Thomasson, Henry Paul og Billy Jones, som alle skreiv songar og delte solovokal. Songane Paul skreiv og song på, «Song in the Breeze», «Stay with Me» og «Knoxville Girl», gav albumet ein smak av country, medan Jones slo seg saman med Thomasson for å skape ein hard southern rock-gitarstil som fokuserte på duellerande gitarlinjer.

Med ei blanding av southern rock, countryrock og hardrock fekk albumet god kritikk då det kom ut og bandet vart eit populært konsertband. Det nådde 13. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista.

«Green Grass and High Tides»[endre | endre wikiteksten]

I mange år trudde ein at «Green Grass and High Tides» handla om marihuana, men i følgje låtskrivaren Hughie Thomasson var ikkje det tilfelle. Han sa det handla om daude rockestjerner som Jimi Hendrix, Janis Joplin, Jim Morrison, Duane Allman og andre som kom attende for å halde ein konsert berre for hand. Songtittelen er basert på samleplata til Rolling Stones frå 1966, Big Hits (High Tide and Green Grass).

Ein versjon av «Green Grass & High Tides» er spelbar i videospelet Rock Band.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«There Goes Another Love Song»Hughie Thomasson, Monte Yoho3:04
2.«Song for You»Thomasson3:34
3.«Song in the Breeze»Henry Paul3:07
4.«It Follows from Your Heart»Billy Jones5:22
5.«Cry No More»Jones4:21
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Waterhole» (instrumental)Outlaws2:06
7.«Stay With Me»Paul3:32
8.«Keep Prayin'»Frank O'Keefe2:46
9.«Knoxville Girl»Paul3:32
10.«Green Grass & High Tides»Thomasson9:46
Total lengd:41:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Outlaws[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

  • J.D. Souther – harmonisong på «It Follows From Your Heart»

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Billboard Top LPs & Tapes 13
Singlar
År Singel Liste Plassering
1975 «There Goes Another Love Song» Billboard Hot 100 34

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 http://www.allmusic.com/album/r14689/review
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: O». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 10. mars 2019 – via robertchristgau.com.