Artilleribataljonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Artilleribataljonen
Artbnlogo.JPG
Land Noreg
Aktiv1947–i dag
Grein Hæren
Type Bataljon
RolleArtilleri
Storleik560 soldatar
180 tilsette og 380 vernepliktige
Del av Brigade Nord
GarnisonSetermoen leir
VernarSankta Barbara
Motto«Gjør rett, frykt ingen»
KallenamnARTBN
Beretflash
Årsdagar4. desember[1]

Artilleribataljonen (ARTBN) er ein støttebataljon i Brigade Nord og er Hærens artillerikapasitet.[2] Avdelinga er lokalisert i Setermoen leir i Bardu, men har eitt HRS-batteri på Rena i Østerdalen.[3] Oppgåva til bataljonen er å gje eldstøtte til landoperasjonar gjennom artilleri, flystøtte og bombekastar (BK). Artilleribataljonen leverer personell til nasjonal beredskap og operasjonar i utlandet. I tillegg bidreg avdelinga med kompani til samvirkesystema rundt manøverbataljonane Panserbataljonen, 2. bataljon og Telemark bataljon.[3] Hovudvåpenet er artillervogn M109, som er det største våpenet i Hæren i dag.[2] Bataljonen består av om lag 560 befal og soldatar fordelt på fem batteri.

Bataljonen utdannar og husar artilleristar, sanitetspersonell og vaktsoldatar. Avdelinga utdannar også artillerijegerar, som innhentar informasjon om mål for artillerield. Artilleribataljonen stiller Batteri Piraya i beredskap for NATO Responce Force (NRF) i 2015.[3] «Gjør rett, frykt ingen» er bataljonens motto. Ifylgje Forsvaret er mottoet eit valspråk som mange misunner. Det kan tolkast i mange positive retningar. Opphavet er noko usikkert, mest sannsynleg eit sitat frå keisar Napoleon, som var utdanna artillerist. Han sa i ein av sine talar til sine troppeførarar: «Gjer som artilleristane — gjer rett, frykt ingen».[2] Soldatar i Artilleribataljonen bruker, på lik linje med andre bataljonar i Brigade Nord, den blå bereten.[4]

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Bataljonsstab[endre | endre wikiteksten]

Bataljonsstaben er leiinga i bataljonen. I strid og under oppdrag er staben i kommandoplassen til bataljonen, der dei plasserer eldleiarlaga, observasjonspostar, bataljonsnettet og logistikk. Bataljonen er leia av bataljonssjefen, oberstløytnant Ole Kristian Karlsen.

Lokaliseringsbatteriet[endre | endre wikiteksten]

Red and black column.png

Lokaliseringsbatteriet (LOKBTT) har som oppgåve å lokalisera artillerimål. Batteriet har tre troppar: WLS-troppen, Artillerijegertropp Alfa og Artillerijegertropp Bravo. WLS-troppen, som består av om lag 30 soldatar, har tre våenlokaliseringsradarar av typen ARTHUR (Artillery Hunting Radar) for å kontrabeskyta fiendens artilleri. Alle radarlaga er posisjonert på beltevogn BV206. Troppen er prega av teknologisk avansert materiell, og er eit satsingsområde innafor norsk-svensk artillerisamarbeid.

Oppgåva til Artillerijegertroppen er jegerteneste, der dei snik seg inn bak linjer til fienden. Der driv jegerane med observasjon og ettersporing av fienden med både artilleri og kampfly. For å bli artillerijeger må ein gjennom eit opptak. Artillerijegere i Alfa-troppen er vernepliktige og vert utdanna innafor jegerteneste. Dette inneber både skytekurs, patruljekurs, overleving, helikopter- og båtinnsetjing. Artillerijegerane får kurs i samband, nærkamp og sanitet nivå 3. Dei lærer òg å rettleia artilleri på fiendtlege mål. Dette gjer at artillerijegerar i Artillerijegertropp Alfa er spesielt godt skikka og førebudd for opptak i Artillerijegertropp Bravo.[2] Mot slutten av tenesteåret, har troppen øvinga «Lynx», som er opptaket til Artillerijegertropp Bravo og eksamensøving. Soldatane som gjennomfører øvinga på ein tilfredstillande måte kan få tilbod om plass i Bravo, ei profesjonell avdeling, med utelukkande verva soldatar.

Batteri Nils[endre | endre wikiteksten]

Labour Party (UK) color.svg
Skarpskyting med artilleri frå ei M109-vogn i Setermoen skytefelt.

Kanonbatteri Nils (BTTN) er eit av tre artilleribatteri i bataljonen. Batteriet har innrykk i august og står på vårberedskap.[2] Batteri Nils består stort sett av vernepliktig personell. Batteriet har tre troppar: kanontroppen, eldleiartroppen og stabstroppen. Når ikkje eldleiartroppen bruker føtene, er dei oppsett på sekshjulingar og snøskuterar. Eldleiartroppen er artilleriet sitt auge i fremste linje. Dei opererer saman med kampstyrkene i Telemark bataljon, Panserbataljonen og 2. bataljon der dei tilrår bruken av artillerield, og deretter rettleiar skytinga. Oppgåva er å lokalisera mål ved bruk av mindre lag som er plassert i observasjonspostar (OP). Laga melder inn data på måla til kommandoplassen som vert drifta av stabstroppen. I kommandoplassen vert desse måldataa rekna om til skytedata som vidare vert sendt ut til kanonane. På denne måten veit artilleristane, som tilhøyrer kanontroppen, korleis dei skal retta artillerielden inn for å treffa målet som OP-troppen har lokalisert. På denne måten er alle tre troppane gjensidig avhengige av kvarandre for å kunne fungera saman som ei artilleriavdeling. Kanontroppen er oppsett på artillerivogner av typen M109AG3NM. Troppen har som oppgåve å skyta tung eld etter rettleiing frå stabstroppen. Stabstroppen er allsidig: Først og fremst driftar dei kommandoplassen til Batteri Nils Logistikklaga (tren) etterforsyner kanontroppen og eldleiartroppen med ammunisjon, drivstoff, forbruk og proviant. Stabstroppen er oppsett på NM-198 lettpansra kommandovogn, beltevogn BV206 og lastevogn Scania P-93.[2] Avdelingsmerket deira er ein bjørn på grøn bakgrunn. Soldatane bruker raud avdelingstripe på uniforma.

Batteri Olga[endre | endre wikiteksten]

Blue 004DFF.svg
Vimpelen til Batteri Olga, med avdelingsgrisen.

Kanonbatteri Olga (BBTO) er likt organisert og utstyrt som Kanonbatteri Nils. BTTO har innrykk i januar og står difor på haustberedskap.[2] På lik linje med Batteri Nils, består batteriet stort sett av vernepliktig personell. Batteriet har tre troppar, med same oppgåver som Batteri Nils. Soldatane i eldleiartroppen er utstyrt med HK416 semiautomatiske riflar og MINIMI lett maskingevær, og operer ofte åleine og isolert. Dette stiller krav til motivasjon og fysisk kapasitet til soldaten. Soldatane trener på nærkamp, strid i urbane område (SIBO) og skytetrening. Soldatane i eldleiartroppen nyttar mykje utstyr i strid, og kan risikera å måtte bera tungt utan bruk av snøskuter og sekshjuling. Avdelingsmerket til BTTO er ein gris teke frå ei teikning i Mannskapsavisa (Forsvarets Forum) av Kjell Aukrust. Soldatane bruker blå avdelingstripe på uniforma og avdelingsmerket på vogner og stridsvestar.

Batteri Piraya[endre | endre wikiteksten]

Black column.png

Kanonbatteri Piraya (BTTP) er likt organisert som BTTN og BTTO, men består berre av verva soldatar og befal med lengre erfaring. Batteriet er eit profesjonelt artilleribatteri som er ein del av Hærens hurtige reaksjonsstyrke (HRS). Batteriet er lokalisert på Rena leir i Åmot kommune, og er ein del av styrkane Noreg kan senda utanlands på veldig kort varsel – oftast som ein del av eit samvirkesystem, som Minkebataljonen eller Telemark bataljon.

Stabsbatteriet[endre | endre wikiteksten]

Red and blue column.png
Kommandoplasstroppen i Stabsbatteriet bruker pansra kommandovogner av typen M113.

Stabsbatteriet har både innrykk om sommaren og vinteren. Batteriet er eit logistikk-kompani, og er det største og mest komplekse batteriet i Artilleribataljonen. Stabsbatteriet består av seks troppar. Vakt- og sikringstroppen har ansvaret for vakthald av Setermoen leir. Dei driftar vaktportalane, går streifrundar og passar på at tryggleiken i leir vert halde ved like. Garnisonstroppen syt for at heile Setermoen garnison fungerer som den skal. Garnisonstroppen er fordelt på kjøkkenet, «velferden», skytebana, FOKUS (Forsvarets høgskole), utstyrsdepotet, idrettskontoret og prestetenesta. Ammunisjons- og forsyningstroppen er avdelinga som syt for logistikkstøtte til bataljonen. Dei forsyner alle batteria med drivstoff, ammunisjon og mat. Troppen er oppsett på lastevogner Scania P-93. Reparasjonstroppen reparerer alle typar vogner og anna materiell i bataljonen. Kommandoplasstroppen syt for at resten av artilleriet fungerer ved at dei etablerer og driftar kommandoplassen til bataljonen. Kommandoplassen bruker panservogner M113, og husar bataljonsstaben i strid. Troppen har òg eigne sambandslag som etablerer relé ved hjelp av beltevogner Bv206. Sanitetstroppen driv hjelpeplassen og har som oppgåve å evakuera sjuke og såra soldatar. Det er sanitetstroppen som sikrar stridsevna til bataljonen. Sanitetsoldatane vert utdanna innan sanitet og SIBO. Soldatane i batteriet bruke ein karakteristisk blå-raud avdelingstripe.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gamst, Thorbein (1985): «Artilleriets skytsengel – Sankta Barbara», i: Artilleriet 300 år: 1685–1985. Norsk artilleritidsskrift
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «Artilleribataljonen». Forsvaret. Henta 17. januar 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Artilleribataljonen». Forsvaret. Henta 17. januar 2015. 
  4. Okstad, Magnus (12. februar 2014), «Randi (19) skal bli vognfører på panservogn», Fosnafolket, henta 17. januar 2015