Paul Hindemith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Hindemith

Statsborgarskap Tyskland, Vest-Tyskland, USA
Fødd 16. november 1895
Hanau
Død

28. desember 1963 (68 år)
Frankfurt am Main

Yrke klassisk komponist, dirigent, professor of music composition, musikkforskar, musikkpedagog, musikkteoretikar, viola d'amore player, universitetslærar, konsertmester, fiolinist, bratsjist, librettist, lærar, komponist
Språk tysk
Medlem av American Academy of Arts and Letters, American Academy of Arts and Sciences, Bayerische Akademie der Schönen Künste
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Johanna Gertrud Hindemith
Nettstad https://www.hindemith.info
Paul Hindemith på Commons

Paul Hindemith (16. november 189528. desember 1963) var ein tysk komponist, musikkteoretikar, dirigent, bratsjist og fiolinist. Hindemith skreiv modernistisk musikk, og er ein av få store tyske komponistar etter romantikken.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hindemith vart fødd inn i ein musikalsk familie i Hanau i Hessen, og fekk frå seks-sjuårsalderen fiolinopplæring, sjølv om han seinare har vore mest kjend som bratsjist. Han var òg ein multimusikar av rang, og det vert sagt at han kunne spele alle instrumenta i orkesteret. Kjennskapen hans til instrumenta kjem òg til uttrykk gjennom mangfaldet av soloverk og sonatar for forskjellige instrument. Han er faktisk den einaste som har skrive sonatar for over 20 forskjellige instrument.

Komponisten[endre | endre wikiteksten]

I tida etter den fyrste verdskrigen var Hindemith særs aktiv og vann eit rykte som allsidig utøvar, solistisk så vel som kammermusikalsk, som dirigent og som komponist. Sistnemnde er likevel ikkje like sjølvsagt som ein skulle tru. Han hadde studert kontrapunkt og komposisjon ved Hochs Konservatorium i Frankfurt frå 14-årsalderen, og var allereie tidleg ein komponist som hadde orden på komposisjonsverktya. Likevel kom ikkje hans personlege uttrykksmåte fram for fullt før inn på 1920-talet. Mange av verka han skreiv i tida før 1920-talet kunne provosere musikklivet i Tyskland; med «forbodne» tema med hint om seksualitet og sterke tekstar, og med mykje musikk som var dissonerande og pågåande.

Den «nye» musikken kom ikkje med brask og bram. Litt etter litt kom tendensane som me kjenner att som det «typiske» hindemithske, med Strykekvartett, op. 10 i 1919, og ikkje minst Kammermusik, op. 24/1] frå 1922. Kva som kjenneteiknar Hindemith er ikkje sagt nøyaktig nok med få ord. Nils E. Bjerkestrand, som har skrive ei lita bok om Hindemiths satsteknikk, har med relativt få ord karakterisert musikken frå denne tida slik:

Karakteristisk for denne perioden er for eksempel bruk av polytonalitet, en melodisk bevegelighet som er preget av en dynamisk, nærmest en motorisk, rytmisk linearitet. En gradvis avstandstagen fra funksjonell harmonikk der intervaller som sekund, kvart og septim i stor grad benyttes både horisontalt og vertikalt.

Hindemith vert ofte nemnd som ein av dei store neoklassikarane i verdssamanheng. Han henta ein del av inspirasjonen frå Johann Sebastian Bach, og andre barokkomponistar, særskild på det formmessige planet, men også gjennom bruken av den kontrapunktiske satsteknikken. Mot slutten av 1920-åra og byrjinga av 1930-åra vart Hindemiths musikk tonalt sett noko utvida. Han forlet ikkje tonaliteten, men vart meir oppteken av det teoretiske gjennom ei systematisk organisering av tonematerialet. Og det er herfrå og litt vidare Hindemiths mest kjende verk har sine utspring.

Stilendringa kan ha kome gjennom Hindemiths lærargjerning, ettersom han frå 1927 var tilsett som professor i komposisjon ved Hochschule für Musik i Berlin. Men den viktigaste årsaka var nok heller engasjementet hans for pedagogikk, og Hindemith komponerte fleire verk i forskjellige storleikar som var tilpassa born og ungdom. Dette gjorde også sitt til at han vart godt kjend med den tyske folkesongtradisjonen. Det var denne musikken som òg vart stempla som Gebrauchsmusik (bruksmusikk), eit uttrykk Hindemith sjølv skapte, men seinare ikkje likte å nytte. Eit anna uttrykk som vart synleg i musikken hans var Neue Sachlichkeit (ny-saklegheit), som kom stormande frå Tyskland i dei fleste kunstformane. Denne kom til uttrykk på fleire måtar, men i Hindemiths musikk var det hovudsakleg at musikken var «ribba for føleri og metafysisk såpekokeri», som han sjølv sa. Og det var nettopp i denne tida, i 1934, at han vart ferdig med symfonien Mathis der Maler, som var bygd på idéoperaen med same namn og som kom ut året etter.

Det var òg i desse tidene han byrja arbeidet med læreverket Unterweisung im Tonsatz, som kom ut på tysk i 1937, og på engelsk i 1942 (The Craft of Musical Composition). Denne boka var med på å konsolidere stiluttrykket hans, og musikken var tydeleg oppbygd på teoriane herfrå, utan at det skal vere eit teikn på forringing av det musikalske – heller tvert om. Mange av dei største verka som til dømes Symfoniske Metamorfoser over tema av Carl Maria von Weber, Ludus Tonalis og Die Harmonie der Welt, er nettopp frå denne perioden etter Unterweisung.

Eit mykje omtala kapittel i Hindemiths liv er slutten av mellomkrigstida, ikkje berre grunna den flotte musikken som blei komponert, men òg av di musikken hans blei boikotta av nazistane i Tyskland. Dr. Joseph Goebbels, som var propagandaminister i «Det tredje riket», proklamerte at musikken var ’entartet’ og atonal, og forsvarte det at han var tysk slik: «(...) den kjensgjerning at han [Hindemith] er av fullblods tysk opprinnelse, er berre et praktisk bevis på hvor dypt den jødiske intellektuelle infeksjon har spist seg inn i vårt folks legeme.» Det at Hindemith var ein lojal ven med fleire jødar, og ikkje minst at kona var av jødisk opphav, var nok heller ikkje formildande omstende. Sjølv om mange ikkje turte å støtte Hindemith offentleg, gjorde dirigenten av Berlin-filharmonien Wilhelm Furtwängler det til lags i artikkelen «Der Fall Hindemith», og ikkje minst gjennom å urframføre symfonien Mathis der Maler med Berlin-filharmonien i 1934. Mange støtta Hindemith no, men det gjorde avstanden mellom Hindemith og den tyske styresmakta berre større, og han såg seg nøydd til å emigrere — fyrst til Sveits, og seinare til USA der han blei fram til 1953. Her var han tilsett ved Yale University, og vart høgt respektert både som komponist og lærar. Han vart i 1946 amerikansk statsborgar, men flytte likevel tilbake til Sveits i 1953 og var professor ved universitetet i Zürich fram til sin død. Etter den andre verdskrigen vart han igjen verdsett i Tyskland, og vart tildelt æresdoktorat både ved universitetet i Frankfurt og det frie universitetet i Berlin. Paul Hindemith døydde jula 1963.