Sonia O’Sullivan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sonia O’Sullivan
Sonia osullivan 2000-2.jpg
Fødd 28. november 1969
Cobh
Yrke langdistanseløpar, mellomdistanseløper
Sonia O’Sullivan på Commons

Sonia O’Sullivan (fødd 28. november 1969) er ein irsk tidlegare friidrettsutøvar som tevla på mellom- og langdistansane. Ho vann tre gullmedaljar i europameisterskap; 3000 m i 1994 og 5000 m og 10 000 m i 1998, samt ei gullmedalje i verdsmeisterskap; 5000 m i 1995. I tillegg vann ho to EM-sølv, eitt OL-sølv og eitt VM-sølv.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I tida 1992-2002 var O’Sullivan alltid å rekne med når ho stilte til start i dei store meisterskapane. Under dei olympiske leikane i Barcelona i 1992 vart ho nummer fire på 3000 m, mindre enn to tidels sekund bakom bronsevinnar Angela Chalmers frå Canada. Året etter reiste O’Sullivan heim frå verdsmeisterskapen i Stuttgart med ein sølvmedalje på 1500 meter og ein ny fjerdeplass på 3000 meter.

Hennar fyrste store triumf kom i friidretts-EM 1994 i Helsinki, der ho i einsam majestet sprang inn til gull på 3000 meter. Ein månad før meisterskapen sette ho personleg rekord med 8.21,6 då ho vann ei tevling i London. Sitt livs raskaste 1500 m gjorde ho unna den 25. juli 1995 i Monaco, ho vart då klokka inn på 3.58,8. Under VM i friidrett 1995 vann ho si andre gullmedalje, men då på 5 000 meter og tida 14.46,4. Ho deltok også på 5000 m i dei olympiske sommarleikane 1996, der magesmertar førte til at ho braut finalen. Også friidretts-VM 1997 vart ein nedtur ettersom ho vart nummer åtte på 1500 meter og slått ut i forsøksløpet på 5000 meter.

Våren 1998 sigra O’Sullivan i verdsmeisterskapen i terrengløp. Eit lite halvår seinare vart ho dobbelmeister under europameisterskapen i Budapest då ho vann både 5 000 meter og 10 000 meter. Langspurtar i begge desse tevlingane knekte høvesvis Gabriela Szabo frå Romania og Fernanda Ribeiro frå Portugal, to av hennar sterkaste konkurrentargjennom mange år.

O’Sullivan tevla ikkje i 1999, ettersom ho fødde ei dotter. OL-sesongen 2000 var ho tilbake på friidrettsbanen og tok sølvmedaljen på 5000 meter i Sydney-OL etter, einast Gabriela Szabo var betre. På 10000 meter enda O’Sullivan på sjetteplassen. Ho presterte sine aller beste løp på distansane; 14.41,0 på halvmila og 30.47,5 på mila.

Etter å ha fødd barn nummer to kom ho sterkt tilbake i EM 2002, med andreplassar både på 5000 meter og på 10000 meter. På 5000 m vart ho slått på målstreken av spanske Marta Domínguez. Sullivan deltok både i VM 2003, der ho enda på 15. plass på 5000 meter, og i Sommar-OL 2004, der hamna ho på fjortandeplassen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1990 i Split: Nr 11 på 3000 m – 8.52,6
  • OL 1992 i Barcelona: Nr 4 på 3000 m – 8.47,4. Utslått i semifinalane på 1500 m (4.06,2 =nr 18)
  • VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje på 1500 m – 4.03,4 (bak Liu Dong 4.00,5) og nr 4 på 3000 m – 8.33,3
  • EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje på 3000 m – 8.31,8 , framom Yvonne Murray (8.36,4)
  • VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje på 5000 m – 14.46,4, framom Fernanda Ribeiro (14.48,5)
  • OL 1996 i Atlanta: Braut finalen
  • VM 1997 i Aten: Nr 8 på 1500 m – 4.07,8, utslått i forsøket på 5000 m (15.47,8 =nr 17)
  • EM 1998 i Budapest: Gullmedaljar på 5000 m – 15.06,5 (framom Gabriela Szabo 15.08,3) og 10000 m – 31.29,3 (framom Fernanda Ribeiro 31.32,4)
  • OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje på 5000 m – 14.41,0, bakom Gabriela Szabo (14,40,7). Nr 6 på 10000 m – 30.53,3
  • EM 2002 i München: Sølvmedaljar på 5000 m – 15.14,8 (bak Marta Domínguez 15.14,7) og 10000 m – 30.47,5 (bak Paula Radcliffe 30.01,0)
  • VM i 2003 i Paris: Nr 15 på 5000 m – 15.36,6
  • OL 2004 i Aten: Nr 14 på 5000 m – 16.20,9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]