Apsis i astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Periapsis)
Jordnære og jordfjerne

Apsis er det punktet i ein elliptisk bane der ein lekam er lengst borte eller nærast senteret han roterer kring, som vanlegvis er massesentrumet til systemet.

Punktet som ligg nærast vert kalla periapsis og punktet som ligg lengst borte apoapsis eller apapsis. Ei rett linje som går gjennom periapsis og apoapsis vert kalla apsislinja. Dette er den store aksen i ein ellipse, altså den lengste linja ein kan trekkje gjennom ein ellipse.

For ein lekam i bane er det mest vanleg å nytte uttrykka perigé, perigeum eller jordnære og apogé eller jordfjerne om lekamar som krinsar rundt jorda (av gresk γη «jord»), og aphel, aphelium eller solfjerne og perihel, perihelium eller solnære om lekamar som krinsar rundt sola (av gresk (Greek ‘ήλιος hēlios «sol»). Under Apollo-programmet vart uttrykka pericynthium og apocynthium nytta om krinsløp rundt månen.

Formel[endre | endre wikiteksten]

Eit skjema av ein keplersk banelekam. F Periapsis, H Apoapsis og den raude linja mellom dei er apsislinja

Følgjande formlar viser eigenskapar ved periapsis og apoapsis i ein bane:

  • Periapsis: største fart ved minste (periapsis) avstand
  • Apoapsis: minste fart ved største (apoapsis) avstand

i følgje Keplerlova for planetære rørsler (bevaring av vinkelmoment) og bevaring av energi er desse storleikane konstant for ein viss bane:

der:

  • er store halvakse
  • er standard tyngdeparameter
  • er eksentrisitet, definert som

Det aritmetiske middeltalet av lengdene til apoapsis og periapsis er lengda av den store halvaksen . Det geometriske gjennomsnittet av dei to lengdene er lengda til den vesle halvaksen .

Det geometriske gjennomsnittet av dei to grensesnøggleikane er , farten som tilvarar ein kinetisk energi som må leggast til kor som helst i banen for at lekamen skla klare å bryte ut av krinslaupet (kvadratrota av produktet av dei to snøggleikane er den lokale unnsleppingsfart).

Terminologi[endre | endre wikiteksten]

Uttrykka perisenter og aposenter vert stundom nytta, men periapsis og apoapsis er helst det faglege uttrykket som vert nytta.

Det vert òg nytta forskjellige uttrykk for forskjellige himmellekamar. '-ge', '-helium', '-astrum' og '-galaktikum' er former som ofte vert nytta innan astronomi. Endinga '-ge' vert ofte nytta generelt om «nærast ein planet», sjølv om det teknisk sett er feil uttrykk sidan '-ge' refererer til jorda.

Himmelekam Næraste punkt Fjernaste punkt
Galakse Perigalaktikum Apogalaktikum
Stjerne Periastrum Apastrum
Svart hol Perimelasma/Peribothra/Perinigrikum Apomelasma/Apobothra/Aponigrikum
Sola Perihelion Aphelion
Merkur Periherm Apoherm
Venus Perikyther/Perikrit Apokyther/Apokrit
Jorda Perigé Apogé
Månen Periselen/Perikynth/Perilun Aposelen/Apokynth/Apolun
Mars Periare Apoare
Jupiter Perizen/Perijov Apozen/Apojov
Saturn Perikron/Perisaturn Apokron/Aposaturn
Uranus Periuran Apouran
Neptun Periposeid Apoposeid
Pluto Perihad Apohad

Perhel og apehel for jorda[endre | endre wikiteksten]

Jorda er nærast sola tidleg i januar og lengst borte tidleg i juli. Forholdet mellom perihel og aphel og årstidene på jorda endrar seg i ein syklus som varer 21 000 år. Denne presesjonen medverkar til periodiske klimaendringar (sjå Milankovitch-syklus).

Dato og klokkeslett for dei neste hendingane er:[1]

År Perihel Aphel
2009 4. januar 15Z 4. juli 02Z
2010 3. januar 00Z 6. juli 11Z
2011 3. januar 19Z 4. juli 15Z
2012 5. januar 00Z 5. juli 03Z
2013 2. januar 05Z 5. juli 15Z
2014 4. januar 12Z 4. juli 00Z
2015 4. januar 07Z 6. juli 19Z
2016 2. januar 23Z 4. juli 16Z

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Earth's Seasons Equinoxes, Solstices, Perihelion, and Aphelion - 2000-2020 Arkivert 2007-10-13 ved Wayback Machine. — U.S. Naval Observatory, Astronomical Applications Department.