Kárpathos-Kásos

Koordinatar: 35°30′N 27°10′E / 35.500°N 27.167°E / 35.500; 27.167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Periferieininga Kárpathos)
Kárpathos-Kásos
Lokalt namn Περιφερειακή ενότητα Καρπάθου-Κάσου
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 35°30′N 27°10′E / 35.500°N 27.167°E / 35.500; 27.167
Øygruppe Dodekanesane

Areal 394 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi Dei sørlege egeiske øyane
Største busetnad Kárpathos (2 815 innb.)

Demografi
Folketal 7 790 (2021[1])
Folketettleik 19,8 /km²

Periferieininga Kárpathos-Kásos (gresk Περιφερειακή Ενότητα Καρπάθου-Κάσου, Periferiakí enótita Karpáthou-Kásou) er ei av dei 13 periferieiningane i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Ho vart oppretta ved den administrative reforma i 2010, og var tidlegare ein del av prefekturet Dodekanesane. Frå 2011 hadde periferieininga namnet Kárpathos, men skifta namn til Kárpathos-Kásos i 2017.[2][3] Frå 2018 har kommunen Kásos skifta namn til Den heroiske øya Kásos (Ηρωικής Νήσου Κάσου), slik at det formelle namnet på periferieininga no er Periferieininga Kárpathos-Den heroiske øya Kásos (Περιφερειακή Ενότητα Καρπάθου-Ηρωικής νήσου Κάσου).[4]

Periferieininga er sett saman av øyane og kommunane (nummer på kartet)

Hovudstaden er Kárpathos.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[5] Folketal 2021[1]
Kárpathos (Pigádia) Kárpathos 2 707 2 815
Ajía Marína Kásos 444 549
Arkása Kárpathos 531 497
Apéri Kárpathos 353 427
Menetés Kárpathos 416 382
Fry Kásos 357 346

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.