Folégandros
Folégandros Lokalt namn: Φολέγανδρος | |
---|---|
![]() Klipper ved Khóra på Folégandros | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Kykladane
|
Areal | 32,216 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Dei sørlege egeiske øyane Thíra |
Største busetnad | Folégandros (425 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 765 (2011[1]) |
Folketettleik | 23,8 /km² |
Folégandros (gresk Φολέγανδρος), òg kalla Pholegandros, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I lag med Síkinos, Íos, Anáfi og Santoríni dannar ho den sørlege delen av øygruppa. Ho har eit areal på 32 km² og 765 innbyggjarar (2011). Øya har tre små landsbyar, Khóra eller Folégandros, Karavostásis og Áno Meriá.
Folégandros er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Thíra i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Folégandros 765 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 425 innbyggjarar.[1]
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Folégandros har eit variert landskap med mellom anna høge klipper og ei stor grotte. Hovudbyen Khóra er bygd på kanten av ei 200 meter høg klippe. Hamna på øya er den litle landsbyen Karavostásis.
Folégandros er ei av mange avsidesliggande greske øyar med natur i flotte omgjevnadar. Med det klåre blå vatnet er strendene her kåra til blant dei ti beste i verda av Travel Channel.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Lite er kjend om den antikke historia til Folégandros. Innbyggjarane var dorianarar og ho kom seinare athensk styre. Øya vart erobra i 1207 av venetianaren Marco Sanudo og var under Venezia fram til 1566, då ho vart ein del av Det osmanske riket. Grekarane tok øya tilbake på 1800-talet.
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[1] |
---|---|
Folégandros (Khóra) | 425 |
Áno Meriá | 243 |
Karavostásis | 87 |
Dei andre busetnadene i kommunen er:
- Agáli (9)
- Livádi (1)
Småøyar i kommunen:
- Ájos Ioánnis (0)
- Tría Adélfia (0)
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2010-11-22, henta 22. november 2010
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Folegandros frå Engelsk Wikipedia .