Síkinos
Síkinos Lokalt namn: Σίκινος | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Kykladane
|
Areal | 42,507 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Dei sørlege egeiske øyane Thíra |
Største busetnad | Síkinos (184 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 273 (2011[1]) |
Folketettleik | 6,4 /km² |
Síkinos (gresk Σίκινος) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I antikken vart ho kalla Oinoe (Vinøya). I motsetnad til naboøya Íos er ho roleg og relativt lite utvikla. Síkinos ligg midt mellom Íos og Folégandros, og like sørvest for øya ligg den litle øya Kardiótissa.
Síkinos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Thíra i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Síkinos 273 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 184 innbyggjarar.[1]
Øya har to landsbyar, hamna Aloprónia og Síkinos by (ofte kalla Kástro eller Khóra) lenger oppe i åsane. Det er eit par gjestgiveri ved hamna. Stranda ved hamna er ein av to store strender på øya. Det ligg fleire ruinar frå antikken på Síkinos, men nokre av dei er nokså avsidesliggande. Terrenget er kupert og gjer det vanskeleg å ferdast på øya. Nesten heile øya er dekt av terrassar som tidlegare vart nytta til omfattande jordbruk. I dag vert berre nokre få av desse nytta.
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[1] |
---|---|
Síkinos (Khóra) | 184 |
Aloprónia | 89 |
Småøyar i kommunen:
- Avoladonísio (0)
- Kalójeros (0)
- Karavós (0)
- Kardiótissa (0)
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2010-11-22, henta 22. november 2010
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Sikinos frå Engelsk Wikipedia .