Kímolos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kímolos
Lokalt namn: Κίμωλος
Kimolos.JPG
Geografi
2011 Dimos Kimolou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°48′N 24°33′EKoordinatar: 36°48′N 24°33′E
Øygruppe Kykladane

Areal 53,3 km²

Høgaste punkt Paleókastro (397 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Mílos
Største busetnad Kímolos (837 innb.)

Demografi
Folketal 910 (2011[1])
Folketettleik 17,0 /km²

Kímolos (gresk Κίμωλος) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya ligg nær den større øya Mílos.

Kímolos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Mílos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Kímolos 910 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 837 innbyggjarar.[1]

Øya har ikkje så mykje turisme og vert rekna som ei mellomklasse, landleg øy. Kímolos er det administrative senteret for seg sjølv og fleire ikkje-busette øyar som Polýegos, Ájos Evstáthios og Ájos Jeórjos.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kímolos er ei øy med rik historie. Namnet kjem frå Kímolos, dei første innbyggjarne på øya. Ekhinoúsa er eit anna namn på øya som vart nytta under antikken, og stundom òg i dag. I antikken var ho ei slagmark mellom Aten og Sparta, som styrte over Mílos. I mellomalderen vart ho kalla Argentiera, på grunn av den sølvfarga bergarten på sørkysten. Sidan desse tider vart stein frå øya transportert til andre stader, og øya vart på grunn av dette eit handelssentrum. I lag med resten av Hellas vart ho styrt av Det osmanske riket, og i 1829 vart ho annektert av Hellas i lag med resten av Kykladane.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

I meir enn 150 år var innbyggjarane eit fattig jordbruksfolk, men tidleg på 1990-talet byrja turismen å utvikle seg også her. Levestandarden til innbyggjarane auka, men likevel har mange flytta frå øya, og i dag bur det ikkje meir enn 600 personar, stort sett pensjonistar, her om vinteren.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Kímolos 837
Psáthi 19

Andre busetnader på øya:

  • Alykí (17)
  • Goúpa-Kará (14)
  • Prássa (13)
  • Kalamítsi (6)
  • Ájos Nikólaos (2)

Småøyar i kommunen:

  • Polýegos (2)
  • Ájos Jeórjos (0)
  • Ájos Evstáthios (0)
  • Prasonísi (0)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]