Hopp til innhald

Amorgós

Amorgós
Lokalt namn Αμοργός
Klosteret Panagía Khosoviótissa på Amorgós
Klosteret Panagía Khosoviótissa på Amorgós
Geografi
StadEgearhavet
Koordinatar37°5′00″N 25°28′00″E / 37.08333°N 25.46667°E / 37.08333; 25.46667
ØygruppeKykladane
Areal126,4 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Náxos
Største busetnadAmorgós (441 innb.)
Demografi
Folketal1 961 (2021[1])
Folketettleik15,5 /km²

Amorgós (gresk Αμοργός) er ei øy i Hellas, den austlegaste øya i Kykladane i Egearhavet og den øya i gruppa som ligg nærast Dodekanesane. Øya har eit areal på 126 km².

Amorgós er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Amorgós 1 961 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 441 innbyggjarar.[1]

På grunn av plasseringa til Amorgos var ho ein av dei første stadane at jonarar kom til frå dei joniske byane Milet, Halikarnassos og Efesos på veg til Kykladane og det greske fastlandet.

I antikken hadde øya tre sjølvstendige byar med sjølvstyre og same valuta. Storleiken og det kunstneriske arbeidet på bymurane til Areksini, dei antikke tårna på øya, dei antikke gravene, steinreiskapane, inskripsjonane, vasane og andre lekamar viser at Amorgós var ein blømande sivilisasjon i antikken. Namnet på dei tre byane er Arkesini, Minoa og Aigiali eller Melania. Dei ligg alle på vestsida av øya der ein kan finne naturlege hamner.

Amorgós vert òg kalla Yperia, Patagy eller Platagy, Pagali, Psikhia, og Karkisia. Ein del av øya vert kalla Aspis, der det antikke tempelet til gudinna Afrodite stod.

Øya vart filma i Luc Besson sin film Det store blå.

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
Amorgós (Khóra)397441
Lagáda261247
Rakhídi172227
Órmos Ejális147191
Katápola134150

Dei andre busetnadene på øya:

  • Tholária (146)
  • Xylokeratídi (143)
  • Arkesíni (109)
  • Potamós (86)
  • Kamári (43)
  • Kalofána (34)
  • Vroútsis (32)
  • Péra Rakhídi (29)
  • Kalotarítissa (19)
  • Rakhoúla (18)
  • Lévkes (14)
  • Paralía Tholaríon (8)
  • Ájos Pávlos (7)
  • Kastelópetra (5)
  • Stroúmbos (5)
  • Mávro Mýti (2)
  • Nerá (2)
  • Khristouláki (1)




Småøyar i kommunen:

  • Káto Andikéri (2)
  • Liadí (0)
  • Pláka Liadioú (0)
  • Viókastro store (0)
  • Viókastro vesle (0)
  • Grambonísi (0)
  • Nikoúria (0)
  • Ánydros (0)
  • Gramvoússa (0)
  • Kisíri (0)
  • Patelídi (0)
  • Feloúka (0)
  • Psalída (0)
  • Áno Andikéri (0)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]