Pirol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pirol
Vaksen hannfugl
Vaksen hannfugl
Hoe Lydopptak pirolsong
Hoe
Lydopptak pirolsong
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av pirol
Utbreiinga av pirol
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Pirolfamilien Oriolidae
Slekt: Pirolar Oriolus
Art: Pirol O. oriolus
Vitskapleg namn
Oriolus oriolus

Pirol (Oriolus oriolus) er ein mellomstor sporvefugl og den einaste medlemmen av pirolfamilien som hekkar i tempererte regionarden nordlege halvkula. Han har utbreiing som hekkefugl i Europa og Vest-Asia og i vintersesongen held han til i Afrika sør for Sahara. I Noreg er pirolen ein regelmessig gjest, næraste område som fåtalig hekkefugl er i Sør-Sverige, søraustlege Finland og sørlegaste Danmark.

Fram til ca. 2010 vart denne eurasiske pirolarten og indiapirol (Oriolus kundoo) sett på som same arten, konspesifikke. Den «nye» arten pirol er monotypisk, har ingen underartar.

Det norske artsnamnet pirol kjem frå tysk.[1] Pirol er i tillegg til eit artsnamn også ei norsk samnemning for alle dei ca. 30 artane i slekta Oriolus. Det vitskaplege latinske slektsnamnet Oriolus er avleidd frå det klassiske latinske aureolus som betyr gylden.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Storleiken til pirolar er noko mellom star og svarttrast, kroppslengda er 24–25 centimeter og vekta kan variere i området 42–102 gram. Hannfuglar har kraftig gul fjørdrakt med svarte venger, svart stjert og tygel. Det solide nebbet er raudleg. Hoa er ein langt mindre fargerik fugl med grøn overside, gråleg underside som har tynne strek i lengderetninga, nokre individ kan ha nokså gule kroppssider. Ungfuglar liknar hoer, men er generelt meir fargelause.[2] Pirolar er skjerre fuglar, og jamvel hannen kan vere vanskeleg å observere når dei rører seg inne i ei trekrone. Flukta er trasteaktig.

Hannen av indiapirol (Oriolus kundoo) har den svarte augestripa som strekker seg bak auget, har eit lengre og lysare raudt nebb og har meir gult i fjørdrakta.

Lætet, ropet, er som nøtteskrikjer i kråkefamilien, men songen er ein vakker fløytetone «weela-wee-ooo» eller «or-iii-ole», umiskjenneleg når han ein gong er høyrt.

Hekkeområdet for denne arten spenner frå Vest-Europa og sørlegaste Skandinavia austover gjennom Russland til nordlegaste Kina og vestlege Mongolia. Dessutan i Marokko og Tunisia. Dei er trekkfuglar som overvintrar i det sentrale og sørlege Afrika frå Den sentralafrikanske republikken til sørlegaste Sør-Afrika. I hausttrekket tar dei vegen over austlege Middelhavet der dei et frukt; og der blir dei ofte sett på som eit skadedyr i denne regionen på grunn av dette.[2]

Pirolar lever i ei rekke habitat. I Vest-Europa føretrekker dei opne lauvskogar og plantasjar, krattskog, elveskog, frukthagar, store hagar; i Aust-Europa kan dei leve i meir samanhengande skogsområde så vel som blanda eller barskogar. Dei unngår generelt trelause habitat, men kan beite der. I overvintringsområdet finst dei i halvtørre til fuktige skogar, høgvaksne skogar, elveskog og savannar.[2] Føda er allsidig, men mest små virvellause dyr og frukt.

Første hekking kan skje når dei er 2 eller 3 år gamle. Hannane kjem vanlegvis til hekkeområdet fleire dagar før hoene. Truskapen til eit territorium eller til og med til ein bestemd reirstad ymtar om at parbandet kan halde fram frå ein hekkesesong til det neste.[treng kjelde] Reiret er plassert høgt i eit tre mot kanten av krona. Kullet er vanlegvis mellom 3 og 5 egg. Hoa gjer det meste av ruginga, og egga blir klekte etter 16–17 dagar. Ungane blir mata av begge foreldra, dei blir flygedyktige etter nye 16–17 dagar.[2] Lengste registrerte levealder for ein pirol er 10 år og 1 månad.[3]

Pirol har eit vidt utbreiingsområde med store populasjonar på 17-32 millionar individ som tilsynelatande er stabile. Derfor blir dei vurderte som livskraftig av BirdLife International.[4]

Pirolar i Noreg

Pirolar blir observerte i Noreg kvart år. I gjennomsnitt er det gjort 9 observasjonar per år frå 1980 til 2020, med eit minimum på to og maksimum på 28 i 2011. Pirolar har vore sett i alle fylke, men dei fleste blir observerte frå Utsira i vest og austover langs kysten og inn Oslofjorden. Langt dei fleste er sett i mai og juni,[5] fenomenet er derfor rekna som eit døme på forlenga vårtrekk.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Oppslag i Nynorskordboka, Språkrådet/UiB. Henta 3. mars 2021
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Walther, B. and P. Jones (2020). Eurasian Golden Oriole (Oriolus oriolus), version 1.0. i Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, red). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.eugori2.01 Henta den 3. mars 2021
  3. «European Longevity Records». Euring. Henta 3. mars 2021. 
  4. BirdLife International (2021) Species factsheet: Oriolus oriolus. Henta frå http://www.birdlife.org den 3. mars 2021
  5. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 3. mars 2021. 
  6. Haftorn, Svein (1971). Norges fugler. Universitetsforlaget. s. 565. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pirol