Pirolfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pirolfamilien


pirol
Pirol

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Oriolidae
Vitskapleg namn
Oriolidae

Pirolfamilien (Oriolidae) er ein familie av trastestore sporvefuglar.

Familien har i alt ca. 30 artar, men berre arten pirol (Oriolus oriolus) finst i Europa.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Familien Oriolidae omfattar fikenfuglar og pirolar, tre fikenfuglar i slekta Sphecotheres, dei andre medlemmene er pirolar i slekta Oriolus.[1] Desse fuglane er spreidde over Afrika, Europa, Asia og Australia. Dei få artane som hekkar i tempererte soner er trekkfuglar, og nokre tropiske artar gjer òg sesongmessige streif.

Pirolar lever i habitat av tre og pleiar å beite i trekroner.[1] Mange artar kan overleve i open skog, sjølv om nokre få er avgrensa til lukka skog. Dei er opportunistisk altetande, dei viktigaste komponentane i kosthaldet er frukt, bær og leddyr.

Pirolar og fikenfuglar er mellomstore sporvefuglar, rundt 20-30 cm i lengd, med hoene berre litt mindre enn hannane.[1] Nebbet er svakt nedkurva og bøygd, og med unntak av fikenfuglar, så langt som hovudet. Fjørdrakta hos dei fleste artane er lys og iaugefallande, sjølv om hoer ofte har veikare farger i fjørdrakta enn hannar. Fjørdrakta av mange australasiatiske pirolar etterliknar drakta hos munkefuglar, ei slekt av store honningetarar, sannsynlegvis for å redusere aggresjon mot dei mindre pirolane.[2]

Pirolar er monogame, para dannar hekketerritorium, jamvel om australfikenfugl, og moglegvis òg andre fikenfuglar, hekkar i lause koloniar.[1] Reirplassar blir valde i nærleiken av aggressive artar som drongoar, varslarfamilien eller munkefuglar, noko som gjer ei viss grad av vern. Reiret er ein djupt voven kopp festa som ei hengekøye frå ei grein. Vanlegvis legg dei to eller tre egg, men så mange som seks egg i kullet er registrert.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Pirolfamilien i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [4]

Slekt Oriolus

Slekt Sphecotheres

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D, ed (2008). «Family Oriolidae (Orioles and Figbirds)». Penduline-tits to Shrikes. Handbook of the Birds of the World. Band 13. Barcelona: Lynx edicions. ss. 692–713. ISBN 978-84-96553-45-3. 
  2. Diamond J (1982) Mimicry of friarbirds by orioles The Auk 99(2): 187-196
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pirolfamilien