Podsol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Podsol

Podsol er jord kjenneteikna av eit sjikt prega av utvasking over eit anna sjikt der det som er vaska ut samlar seg. Podsolar er naturleg sure og næringsfattige. Namnet kjem frå russisk og tyder 'under oske'.[1] Gruppa er den vanlegaste i Noreg, ved sidan av dei svært grunne jordsmonna.[2]

Internasjonalt er jordtypen kjend som podsol eller podzol i store delar av verda, medan han i systema i Kina og USA heiter spodosol. I Australia kallar ein han podosol og i Brasil espodossol. I SN-systemet World Reference Base for soil resources er det ein på norsk kallar podsolar i stor grad samsvarande med Podzols.[3]

Podsolprofilet[endre | endre wikiteksten]

Eit podsoljordprofil er delt opp i fleire sjikt, der nokre er påkravde og andre kan vera der eller ikkje.

Øvst ligg anten eit organisk sjikt (O-sjikt) eller eit mineraljordsjikt med ein del organisk materiale (A-sjikt). Dette er i regelen farga myrkt av det organiske materialet.

Under dette er eit bleikjordssjikt (E-sjikt). Dette er, som namnet seier, eit sjikt med nærast kvit jord.

Under her igjen ligg utfellings-sjiktet (B-sjikt). Dette er myrkare enn både E-sjiktet ovanfor og underliggjande sjikt. For å skilja mellom ulike typer B-sjikt, legg me gjerne til ein liten bokstav etter på: i Bt er leire akkumulert, i Bh er humus akkumulert og i Bs er jarn- og aluminium-oksid akkumulert. Bokstavane kan setjast saman.

Under B-sjiktet finn me anten eit sjikt med upåverka lausmassar (C-sjikt) eller berre fjellet (R-sjikt).[4]

Danning og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Podsolar vert danna ved at organiske syrer frå toppjorda vaskar ut minerala frå eit underliggjande sjikt. Dette vert ført nedover med vass-straumen, til det fell ut i utfellings-sjiktet. Det er særleg humus, jarn- og aluminiumsambindingar som vert avsette i utfellingssjiktet. Utfellingane kan kitta seg saman, og laga ei aurhelle.

Podsolar er avhengige av eit nedbørsoverskot, og me finn dei oftast i våte område i tempererte og boreale strok. Det er òg nokre podsolar i tropiske strok, men utbreiinga av desse er usikker.[5] I gamle jordsmonn i tropiske område kan me finna podsolar der bleikjords-sjiktet er vorte so djupt at podsolen vert som ei sandjord å rekna.

I alle klimasonar er podsolane vanlegast under skog. Jordtypen er òg vanleg å finna under lynghei. Dei kjem oftast or sandige og siltige opphavsmateriale rike på silikat.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. april 2014, henta 8. april 2014 
  2. «podsol». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  3. http://www.fao.org/fileadmin/templates/nr/images/resources/pdf_documents/wrb2007_red.pdf
  4. http://www.isric.org/isric/webdocs/docs//major_soils_of_the_world/set9/pz/podzol.pdf
  5. http://www.fao.org/fileadmin/templates/nr/images/resources/pdf_documents/wrb2007_red.pdf
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. april 2014, henta 8. april 2014