Qanat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Qanatar nær Erfoud i Marokko

Qanat, karez, falaj eller andre namn er ein type vatningssystem brukt til å skapa pålitelege vassforsyning i varme, tørre og halvtørre klimaer.

Ordet qanat (arabisk قناة) blir brukt i Iran, Syria og Jordan.[1] Vassforsyningssystemet er også kjend som falaj (Dei sameinte arabiske emirata og Oman), kariz eller kareze (persisk skrift كاريز) i Iran, Afghanistan, Pakistan og Sentral-Asia, kahan (persisk کهن), khettara (Marokko), galeria (Spania), kahn (Balutsjistan) og foggara eller fughara ( Nord-Afrika).[1] Alternative namn i Asia og Nord-Afrika er kakuriz, chin-avulz og mayun. Andre stavemåtar for qanat med latinske bokstavar er mellom anna kanat, khanat, kunut, kona, konait, ghanat og ghundat.

Systemet er nært i slekt med vatningssystemet i Turfan i Kina. Teknologien utvikla seg truleg i Iran i oldtida,[2][3][4] og deretter spreidd seg til andre kulturar via mellom anna Silkevegen, men to nyleg oppdaga falaj-system i al Ain i Dei sameinte arabiske emirata og Umm Safah i Sharjah er datert til høvesvis 1000 f.Kr.[5][6] og jernalderen.[7][8] Den eldste skriftlege omtalen stammar frå perioden 722 til 705 f.Kr. i ei skildring av felttoget til Sargon II av Assyria.

Verdien av ein qanat er direkte knytt til kvaliteten, volumet og regulariteten til vasstraumen. Historisk sett har ein stor del av folkesetnaden i Iran og andre tørre land i Asia, Midtausten og Nord-Afrika vore avhengige av vatn frå qanatar; busetjingsområda svarte tett til områda der ein kunne byggja slike vatningskanaler. Sjølv om det var dyrt å byggja ein qanat hadde han ein langsiktige verdi for samfunnet, og var derfor av stor tyding for gruppa som investerte i å byggja og vedlikehalda han.[9]

Verkemåte[endre | endre wikiteksten]

Prinsippskisse av qanat

Qanatsystemet er bygd som ein serie av brunnliknande sjakter som er knytte til kvarandre ved hjelp av såvidt slake tunnelar. Dei blir tappa ut i underjordisk vatn på ein måte som effektivt leverer store mengder vatn til overflaten, uten at ein treng pumpa. Vatnet drenerer ved hjelp av tyngdekrafta mot eit område som ligg lågare enn kjelda, som vanlegvis er ein høgareliggjande akvifer. Qanatar gjer det mogleg å transportere vatn over lange avstandar i varme, tørre klimaer uten å tapa ein stor del av vatnet gjennom vassig og fordamping.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nair, V. Sankaran (2004): Etymological Conduit to the Land of Qanat
  2. Hassan, Ahmad Y. «Transfer Of Islamic Technology To The West, Part II: Transmission Of Islamic Engineering». Arkivert frå originalen 2008-02-18. 
  3. Beaumont, Peter; Bonine, Michael E.; Stanley, Keith: Qanat, Kariz and Khattara: Traditional Water Systems in the Middle East
  4. Wulff, Hans E.: The Traditional Crafts of Persia: Their Development and Technology
  5. Alsharhan, A. S.: Desertification in the third millennium: proceedings of an international, s .377‏
  6. Masood, Ehsan; Schaffer, Daniel: Dry: life without water, s .182‏
  7. Proceedings of the Seminar for Arabian Studies, 31-32, s. 131
  8. Principles of Water Resources: History, Development, Management, and Policy بواسطة Thomas V. Cech
  9. Kheirabadi, Masoud (1991). Iranian Cities: Formation and Development. University of Texas Press. ISBN 0-292-78517-8.